Ber om innføring av munnbind på hurtigbåten

Hareid kommune har i dag sendt brev til Møre og Romsdal fylkeskommune der vi ber om at det blir innført påbod om munnbind på hurtigbåten mellom Hareid-Ålesund-Valderøya.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

OPPDATERT: Det blir ikkje munnbindpåbod på hurtigbåten

Her er brevet:

Folkehelseinstituttet (FHI) rår passasjerar på kollektivtrafikk i områder med mykje covid-19-smitte til å nytte munnbind når det ikkje er mogleg å halde éin meter avstand. 
 
På hurtigbåtavgangane Hareid-Ålesund-Valderøya-sambandet med størst trykk, ser vi at dei reisande blir ståande tett, mykje nærare enn éin meter. Det inneber ei smitterisiko. I tillegg veit vi at mange av gjestearbeidarane som har fått påvist covid-19-smitte, har reist med kollektivtrafikk og hurtigbåten på veg til opphaldsstad. Vi har også fått rapportar om at gjestearbeidarane som er i reisekarantene ikkje nyttar munnbind slik dei er pålagte.

 

 
Vi trekker derfor konklusjonen at smittepresset på hurtigbåten er stort, sjølv om vi ikkje har særleg med «fri» smitte ute i samfunnet her på Søre Sunnmøre. Kriseleiinga i Hareid kommune ber derfor Møre og Romsdal fylkeskommune om å innføre påbod om bruk av munnbind på hurtigbåten på sambandet Hareid-Ålesund-Valderøya.
 
Eit generelt påbod vil kunne gjere det tydelegare ovanfor dei som allereie er pålagt å nytte munnbund og samstundes hindre eventuelt fri smitte å spreie seg blant andre passasjerar.
 
FHI peiker på at det aller viktigaste tiltaket for å redusere smitterisiko er avstand – dobbelt så effektfullt som munnbind. Vi ber derfor om at de også er endå tydlegare ovanfor dykkar reisande på avstandskravet.

Kriseleiinga i Hareid kommune, 12. november 2020
 

Hald deg oppdatert på smittesituasjonen og status for tenestene våre på vår koronaportal.