Bli kjent  – inviterer til gratis ungdomsfest på ungdomsklubben

Ungdomsrådet i Hareid inviterer alle som skal starte på ungdomsskulen til hausten til ein gratis bli-kjent-fest på ungdomsklubben tysdag 16. juni.

Ungdomsrådet på plenen utanfor rådhuset. Åsendalen er bakgrunn. - Klikk for stort bileteBak frå venstre: Kirsten Valseth (koordinator), Robert Flø (observatør), Ranja Dimmen Alme (observatør), Hedda Selvåg Larsen, Gudmund Gryt, Håkon Alexander Kleppe, Vinter Brandal Johansen, Håkon Stokke Nytun. Foran frå venstre: Ingrid Holstad-Dalsøren, Thanura Premakumar (nestleiar), Prajiv Selva (leiar) og Ange Shanel Koffi. Erlend Friestad

Målet er å skape tryggleik, fellesskap og ein god start på Hareid ungdomsskule. Festen er eit initiativ frå ungdomsrådet i Hareid. Dei har sjølve søkt midlar, planlagt og arrangerer festen 

Arrangementet gir ungdommane ein smakebit på korleis torsdagskveldane på ungdomsklubben kan vere, og målet er at skulestarten vert trygg og inkluderande for alle nye 8.-klassingane.

– Alle skal kjenne at dei har ein plass. Ingen skal trenge å vere aleine denne kvelden, seier ungdomsrådet. Så du kan kome aleine eller saman med andre.

 

Sosial kveld med aktivitetar og premiar

På programmet står mellom anna quiz, pingpongturnering og andre sosiale aktivitetar i tillegg til minikonsert med lokalt band. Ungdomsrådet serverer pizza, brus og andre godsaker – heilt gratis. Det blir også fine premiar å vinne.

For å nå flest mogleg ungdommar har medlemmar av ungdomsrådet besøkt alle barneskulane i kommunen og informert om arrangementet.

 

Trygge rammer og vaksne til stades

Hareid kommune stiller med klubblokalet og ungdomsarbeidarar denne kvelden. Ungdomsrådet og dei vaksne er til stades for å sikre ei trygg, god og inkluderande ramme rundt arrangementet. I tillegg er dei nye elev-mentorane frå Hareid ungdomsskule inviterte til å ta del denne kvelden

Arrangementet er finansiert gjennom ungdomsmidlane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Praktisk informasjon

  • Kva: Bli-kjent-fest for ungdom
  • Kven: Alle som skal gå på Hareid ungdomsskule til hausten (nye 8., 9. og 10.-klassingar)
  • Når: Tysdag 16. juni kl. 19.00–21.00
  • Kvar: Ungdomsklubben i Hareid
  • Pris: Gratis
  • Arrangør: Ungdomsrådet i Hareid