Erlend Friestad
Skal vi lyse opp nyttårshimmelen saman i år også? No inviterer vi innbyggarar og næringsliv til å bli med på spleiselaget for nyttårsaftan 2026. Alle små og store bidrag er velkomne.
Fellesfyrverkeriet blir som vanleg skote opp frå ytre molo klokka 22. Då kan vi samlast om ei flott avslutning på året – og skape nye, felles minne.
Eit spleiselag som samlar
I fjor viste de kva vi kan få til saman. Heile 239 enkeltpersonar og 10 verksemder bidrog til innsamlinga. Tilbakemeldingane etter oppskytinga var svært gode. No håpar vi at både tidlegare og nye bidragsytarar vil vere med på å føre tradisjonen vidare.
Felles oppskyting, felles oppleving
Når vi samlar bidraga til éi oppskyting, får vi til eit større show enn om vi skyt opp kvar for oss. Oppskytinga skjer i kontrollerte former med profesjonell pyroteknikar. Ei samla oppskyting gir også ein kortare periode med støy for både tamme og ville dyr.
Det er Hareid kommune som står ansvarleg for fellesfyrverkeriet og innsamlinga. Fyrverkeriet er eit spleiselag som ikkje kan gå i minus. Overskotet frå førre innsamling blei sett av til årets fyrverkeri og gir ein buffer når fyrverkeriet må bestillast før innsamlinga startar. Overskotet frå årets innsamling blir tilsvarande buffer til neste år.
Slik blir du med på spleisen
Du vel sjølv kor mykje du vil gi:
Vipps: 582357 – Fellesfyrverkeri – Hareid
Kontonummer: 4213 38 51377
Vil verksemda di bidra? Hugs å merke betalinga med namnet på verksemda dersom de nyttar Vipps. Treng de faktura, kan de sende ein e-post til erlend.friestad@hareid.kommune.no. Vi takkar verksemdene som støttar spleiselaget i kanalane våre.
Bli med og gi Hareid ei strålande avslutning på året. Tusen takk for alle små og store bidrag!
