Plassane bustadfelt ligg få minutt med bil eller sykkel til Hareid sentrum.
Erlend Friestad
Visningstidspunkt
- Laurdag 22. november kl. 13:30
- Søndag 28. desember kl. 12:00 (påmelding)
Her får du møte prosjektleiaren, stille spørsmål og få oversikt over dei 37 einebustadtomtane og tre område for konsentrerte bustadar. Du får også sjå leikeplassane, ballbingen og gapahuken – alt klart til bruk! Vi fyrer opp i bålpanna og serverer pølser og varm drikke.
Den siste visninga har vi laga til for å nå aktuelle tilflyttarar som er heime på juleferie. Til denne visninga blir det påmelding.
Oppmøte på visningstidspunkta er på riggplassen nedanfor feltet.
Privatvisning?
- Feltet er ope for publikum – ta ein tur for «privatvisning» når det passar for deg.
- På kvar tomt er det sett ned plakat med informasjon om pris og areal for denne tomta, slik at du enkelt kan orientere deg.
Salsstart og frist
- Salsstart: 24. november 2025
- Frist for å melde interesse: 5. januar 2026
- Tildeling: Ved loddtrekning dersom fleire ønskjer same tomt.
Kvifor velje Plassane?
Plassane bustadfelt ligg sentralt i Hareid kommune – i #5minuttsbygda. Her sparer du tid kvar dag, med moglegheit til kort veg til alt du treng i kvardagen – som jobb og fritidsaktivitetar.
LES OGSÅ: Derfor er Hareid #femminuttsbygda
Interessert? Start med visning! Ta med familien, sjå området og finn draumetomta di. Frå 24. november kan du sende søknad – men først: bli med og opplev Plassane!