Pexels.com
Som støttekontakt er du med på å gi eit anna menneske ein meir aktiv, trygg og sosial kvardag. For somme handlar det om å kome seg ut på aktivitetar eller å prøve nye ting, medan andre treng litt ekstra støtte for å bryte opp kvardagen og kome seg ut av huset. Oppdraget er enkelt oppsummert: å skape gode opplevingar, på ein måte som passar både deg og brukaren du følgjer opp.
Du treng ingen fagutdanning for å bli støttekontakt. Det viktigaste er at du er ein trygg og stødig person som likar å vere rundt folk. Kommunen sørgjer for opplæring, du får betalt for timane du er på oppdrag og dekka relevante utgifter. Dette er ei oppgåve som passar for deg som likar å hjelpe andre, ønskjer ei meiningsfull deltidsrolle, vil lære meir om menneske og set pris på fleksibilitet. Erfaringa er òg nyttig å ha med seg på CV-en.
Aktivitetane kan vere alt frå ein kaffikopp på kafé, ei treningsøkt, ein gåtur, ein kinotur eller berre det å vere ein god samtalepartnar og motivator. Arbeidet som støttekontakt handlar om å vere ein lagspelar for brukaren du følgjer opp. Du støttar og motiverer, blir med på aktivitetar som passar deira interesser og bidreg til gode opplevingar. Nokre oppdrag kan òg innebere aktivitetar eller besøk i heimen.
For å bli støttekontakt bør du vere over 18 år og kunne legge fram politiattest. Personleg eignaheit betyr mest; du treng inga formell utdanning, men det er ein fordel om du har erfaring med barn, ungdom eller personar med ulike funksjonsvariasjonar. Du må òg kommunisere godt på norsk, helst ha førarkort og tilgang til bil. På grunn av brukargruppa, er vi særleg interessert i å kome i kontakt med unge menn.
Arbeidstida er fleksibel slik at den passar inn i kvardagen din. Normalt er oppdraga på 2–4 timar i veka, ofte på ettermiddag eller kveld.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi veldig gjerne høyre frå deg. Skriv ein e-post der du fortel litt om kven du er, kva du likar å gjere og kor mykje tid du har tilgjengeleg i veka. Her kan du også stille dei spørsmåla du eventuelt har om oppdraget.
E-posten sender du til trude.alvestad@hareid.kommune.no