Patrik er ein av ungdomane som jobbar på BUA
Erlend Friestad
Det er mange gode grunnar til å låne utstyr. Kanskje ønskjer du å prøve ein aktivitet før du investerer i eige utstyr? Eller kanskje du berre treng ski eller skøyter nokre få gonger i løpet av sesongen? Ved å dele på utstyret sparer vi både pengar og miljøet. Utlån er eit berekraftig alternativ som gjer at fleire kan få glede av godt utstyr.
BUA handlar om meir enn berre utlån av utstyr. Vi ønskjer å vere ein møteplass for alle og gjere det enklare for fleire å delta i aktivitetar og naturopplevingar. Derfor er vi ekstra glade for å ha fått med oss fleire engasjerte ungdomar som ønskjer å jobbe både på ungdomsklubben og på BUA. Dei er med på å skape eit inkluderande miljø der alle skal kjenne seg velkomne.
Mykje av utstyret vårt er framleis nytt, og vi oppmodar alle til å ta turen innom for å sjå kva vi har å tilby. Kanskje finn du akkurat det du treng for vinterens eventyr.
BUA Hareid har ope:
- Tysdagar kl. 14.00–16.00
- Torsdagar kl. 18.00–20.00
Dersom behovet er der, er det også mogleg å ta kontakt utanom opningstidene.
Siste opningsdag før jul er torsdag 17. desember. Då vil det vere mogleg å låne med seg utstyr som kan nyttast gjennom heile juleferien, slik at fleire kan kome seg ut og nyte vinterdagane saman med familie og venner.
Velkomen innom BUA Hareid
Når har de ope?
Vi har ope følgande, faste tidspunkt:
- tysdagar klokka 14-16
- torsdagar klokka 18-20
Endringar i opningstid, til dømes stenging eller ekstra opningstid, vil bli annonsert her og i kommunen sine andre kanalar.
Kva utstyr har de på BUA?
På BUA kan du låne eit stort utval av utstyr til både sommar, vinter, leik og friluftsliv. I hyllene finn du alt frå syklar og ski til telt og spel. Her er noko av det du kan låne:
Friluftsliv og camping:
- Telt, lavvo, soveposar og liggeunderlag
- Stormkjøken, termosar, tursekkar og kompass
- Hovudlykter og hengekøyer
Vinter og is:
- Langrennsski, fjellski, slalomutstyr og akematter
- Hockey- og kunstløpskøyter
- Truger, broddar, alpinhjelmar og hockeykøller
Sommar og vatn:
- Syklar og sykkelhjelmar
- Flytevestar og redningsvestar
- Fiskesett, håv og sjøkikkert
- Badminton, volleyball, fotball og basketball
- Skateboard, boccia, golfsett og meir
Leik og spel:
- Stigegolf og frisbeegolf
- Kubb og ulike ballspel
Korleis låner eg?
- For å låne utstyr gjennom BUA-nettverket må du ha bustadadresse i Norge, norsk mobilnummer og opprette ein låneprofil.
- Når du opprettar ein låneprofil, må du verifisere personopplysningane dine med Vipps. Viss du ikkje har Vipps, kan du verifisere mobilnummeret og e-postadressa ved å få tilsendt ei kode og vise fram legitimasjon første gang du skal låne. Når du kjem for å låne treng du berre å oppgi mobilnummeret ditt.
- Opprett låneprofil her.
Kan barn låne?
Barn og ungdom under 18 år kan låne gjennom BUA-nettverket, men ein myndig person må være ansvarleg for lånet. Den vaksne må opprette ein låneprofil og legge til mindreårige som medlåntakar, med eige mobilnummer og e-postadresse. Born som ikkje har eiga e-postadresse og mobilnummer, kan låne gjennom foreldra sin låneprofil dersom foreldra skriv det i notatfeltet i sin låneprofil.
Kor mykje kostar det?
Det er gratis å låne!
(Men du kan få gebyr om du levere for seint eller øydelegg utstyret).
Kor lenge kan eg låne utstyret?
Du kan låne utstyret i inntil 7 dagar. Etter at det utstyret er levert tilbake, må det gå minst éi veke før det kan lånast på nytt. Dette gjeld for alle personar i same hushald.
Dersom du ikkje leverer utstyret tilbake i tide, blir det lagt på gebyr på 200 kroner per opningsdag. Ved gjenteke brot kan du mellombels miste retten til å låne utstyr.
Kva reglar gjeld for utstyret?
Utstyret skal du levere tilbake i tide, på same stad som du henta det, og i same stand som då du fekk det. Normal slitasje er tillaten. Du skal levere utstyret reint og klart til vidare bruk, slik at den neste som låner det får ei god oppleving.
Det er ikkje lov at du:
- låner ut utstyret vidare til andre
- bruker det til kommersielle føremål
- fraktar det utanfor Noreg
Du har sjølv ansvar for utstyret så lenge du har lånt det.
Dersom utstyret blir skada eller tapt utover normal slitasje, kan BUA krevje erstatning for reparasjon eller erstatning. Erstatninga blir vanlegvis rekna ut frå verdien på utstyret minus omlag 20 prosent på grunn av slitasje.
Fleire spørsmål?
Dersom du framleis har spørsmål som du ikkje har fått svar på, kan du kontakte BUA på e-post:
bua@hareid.kommune.no