BUDSJETT 2022: Kommunedirektøren si innleiing

Ragnhild Velsvik Berge, kommunedirektør Erlend Friestad  

Hareid kommune er eit maritimt transportknutepunkt og har eit stort maritimt industripotensiale. Her er eit historisk sterkt og variert næringsliv. Vi er ein del av det maritime clusteret på Nordvestlandet og ligg geografisk lokalisert på aksen Ålesund-Søre. Vår plassering er kommunikasjonsmessig svært gunstig, med både ferje og hurtigbåt frå sentrum i kommunen.  Vi har eit kommunesenter og nærliggande tettstadar/bygdelag som til saman kan danne ei moglegheit for ny utvikling i samspel med både Ålesund og Søre. Hareid kommune er porten mellom søre og nordre Sunnmøre, og har eit potensiale som bukommune. Den korte pendlaravstanden til Ålesund er ein fordel som ikkje er nytta godt nok. Vi er i startfasen med utarbeiding av ny kommuneplan der samfunnsdelen skal peike retning framover, og godt i gang med ein masterplan som definerer spennande utviklingspotensiale for Hareid i framtida. Budsjett og handlingsprogram for neste fireårsperiode vitnar om framtidstru med vilje til satsing for å utvikle kommunen til det beste for innbyggjarar og næringsliv. I budsjettet ligg ei satsing på å legge til rette for rekruttering av fleire innbyggjarar, og for endå betre og meir effektiv samhandling med næringslivet.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Eg vil innleiingsvis seie noko om kompleksiteten og rammevilkåra for kommunebudsjettet. Kommunen si største oppgåve er å drive tenester for lokalsamfunnet. Dei mest kostnadskrevjande er barnehage, skule, heimesjukepleie og sjukeheim for å nemne nokre. For alle dei nemnde tenesteområda er det slik at utgiftene har auka mykje siste åra grunna store tenestebehov til enkeltbrukarar. Samfunnstrenden har i mange år dreia mot at kommunen har fått ansvar både frå stat, fylkeskommune og faktisk også private. I tidlegare tider var det vanleg at familien tok ansvar for sine. Så vart det i stor grad det offentlege sitt ansvar. Velferdsstaten står for fall om vi ikkje greier å gjere ei refordeling mellom offentleg og privat ansvar. Sentralt i KS arbeider dei no med å definere tiltak for å unngå den kommunale kollaps. Vi treng å endre måten vi driftar tenestene på i dag, og vi treng at den enkelte planlegg sin alderdom og legg vekt på at sjølvhjelpt er velhjelpt.

Eksempelvis finns det lenger nesten ikkje bu- og behandlingstilbod for dei som har spesielle behov, og det vert venta at kvar kommune skal ha spesialkompetanse og tilbod innanfor alle kategoriar. Dette er dårleg samfunnsøkonomi og stadig fleire hendingar viser at dette er feil strategi. Men enn så lenge er det slik, og det viser att på kommunebudsjettet. Det har siste åra vore både ei forventning og ei ynskja utvikling at kommunane skal bruke meir på førebyggjande tiltak. Dette har også skjedd i enkeltvedtak utan at kommunebudsjettet har vorte styrka tilsvarande.

Til neste år vert kommunane overført endå meir ansvar for barnevernstenesta i den såkalla oppvekstreforma. Målet med reforma er å styrke kommunane sitt førebyggande arbeid og tidleg innsats, at fleire barn skal få hjelp til rett tid, at tilbodet til barn og familiar skal tilpassast lokale forhold og at rettstryggleiken for barn skal bli betre. Dette fører konkret til:

  • Refusjon for fosterheimar avviklast og vert lagt inn i kommuneramma.
  • Auka eigenandel ved bruk av statlege tiltak (kommuneramma aukast)
  • Fullt ansvar for oppfølging og rettleiing av fosterheimar
  • Alder for ettervern er auka frå 23 til 25 år

Utgiftene vert ikkje dekt opp gjennom dei nye overføringane. Difor er det lagt inn ei overgangsordning på to år. Intensjonen er at vi skal satse meir på førebygging for å unngå dei mest dramatiske tiltaka.

Kommunen har ei stor rolle som tenesteytar, men kommunen er også samfunnsutviklar, forvaltar og lokaldemokratiaktør. Det som gjer kommunen unik i høve alle andre bedrifter er samspelet mellom politikk og administrasjon. Administrasjonen skal utgreie saker og legge til rette for at dei folkevalde kan ta gode avgjersler, og deretter følgje opp dei politiske vedtaka. Det er såleis dei folkevalde som skal ta dei endelege vala når det gjeld retnings- og prioriteringsval. Forvaltarrolla gir administrasjonen mynde til å fatte vedtak i enkeltsaker innanfor ulike fagområde, og her kan det fort verte ei motsetning mellom faglege vurderingar og budsjettrammer. Kommunen med administrasjon og folkevalde har eit omfattande samfunnsansvar med å drifte tenester innanfor eit komplekst lov og regelverk, og å drive samfunnsutvikling. Kunsten er å balansere desse ansvara slik at vi sikrar god balanse og gjer dei rette prioriteringane i rett tid.

 

Satsingsområde

Budsjettet har tiltak for unge og eldre og har mange element som skal bidra til både vedlikehald av eigedom og vegar med meir, og tiltak som skal gi positiv lokalsamfunnsutvikling for framtida.

Vi legg til rette for utvikling av bustad- og næringsområde. Her ligg i utgangspunktet inne utgifter til fleire byggefelt, men vi må rekne med at det vil krystallisere seg prosjekt som vi vil gå vidare med på bekostning av andre etter som kostnadar og moglegheiter vert meir avklart.

Under klima, miljø og berekraft har kommunedirektøren prioritert å gå inn med midlar til Runde miljøsenter. Dette er i samsvar med politisk vedtak der kommunestyret ber om at dette vert vurdert i budsjettprosessen. Alle dei andre kommunane i Sjustjerna har no fatta positive vedtak om aksjekjøp. Dette vil få minimal betydning for driftsbudsjettet då utgifta vert belasta eit investeringsfond. Fleire tiltak innanfor vatn og avløp skal bidra til å møte klimautfordringane. I budsjettframlegget er det prioritert tiltak for energisparing og brannsikring.

Kommunen har ikkje tidlegare hatt definerte ressursar med ansvar for klima, berekraft og miljø, men dette er no løfta fram i ei ny eining i sektor for samfunnsutvikling. Den nye eininga får namnet «Næring, kultur og busetting» med ansvarsområda næringsutvikling, busetjing, klima, miljø og berekraft. Bulyst står som eit samleomgrep over oppdraget og det var difor naturleg å flytte kulturkonsulent, biblioteksjef og folkehelsekoordinator hit. Funksjonar som reiseliv, næringsfond, startlån og skjenkeløyve vert også ein del av eininga. Prosjektleiar for Vekst i Hareid si forankring til kommuneorganisasjonen vert også lagt hit. Med denne endringa er det også ei klar målsetting å styrke samarbeidet med næringslivet og få endå betre rammer for kulturarbeidet.

Fleire tiltak er lagt inn for å sikre ei god utvikling av næringslivet. Sentralt er vidareføring av prosjekt Vekst i Hareid. Det er lang ventetid på byggesakshandsaming og difor er det nødvendig å styrke sakshandsamarkapasiteten. I tillegg må vi starte arbeidet med å få digitalisering av reguleringsplanar slik at vi kan tilby innbyggarane digital sakshandsaming.

Det er lagt inn pengar til tettstadanalyse for Hareid sentrum for dette vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet med samfunnsdelen i kommuneplanen. Det arbeidet har så vidt starta opp, og skal gi retning for utvikling av Hareid inn mot framtida.

Det viser seg at ei ny rundkøyring på Holstad er alfa omega for vidare utvikling av vekst i området rundt. Kommunen kjem ikkje vidare med verken byggefelt eller næringsutvikling i området før vegproblematikken er løyst. Dette er ein fylkesveg og dermed ikkje eit kommunalt ansvar. Men vegen er ikkje tilstrekkelig prioritert frå fylket si side, og kommunen ser seg difor nøydde til å prøve å få til ein avtale med fylkeskommunen om forskotering og delvis spleiselag med private. Eit beløp er lagt inn med atterhald om ein avtale med fylkeskommunen.

Det er viktig å fullføre det vi starter på. Difor skal vi gjere ferdig arbeidet rundt helsehuset og skape gode møteplassar i sentrum. Biblioteket vert kommunen sin nye møteplass, og vindua opnar opp og tek omlandet inn. Tusenårsplassen må difor ferdigstillast. Tiltaket vil ferdigstille den lenge planlagde aksen mellom kyrkja og havet, og vil gi bygda ein fin møteplass ved sjøen. Siste etappe i renovering av rådhuset står for tur og her vil vi spare vidare leigeutgifter ved å hente ressurssenteret inn i eigne lokale.

Av tiltak som skal skape trivsel eller utvikling for barn og unge er her lagt inn midlar til medlemskap Sunnmøre Fritidsråd og etablering i nye lokale for ungdomsklubben og eit aktivitetssenter. På tenestenivå er her fleire pågåande prosjekt som skal støtte opp om det same. Støtte til bygging av ny turnhall like eins. Vidare er det lagt inn midlar til utgreiing av ny ungdomsskule/basseng og oppgradering av gymsalen i Hjørungavåg. Dette er i første omgang utgreiingsmidlar slik at vi får oversikt over kostnadane som gjer det mogleg å gjere økonomiske val og prioriteringar i neste runde. Her er også lagt inn midlar til utgreiing av framtidig barnehagedrift.

Vi veit at befolkningssamansetninga er i stor endring og kommunen må sikre seg at vi kan ta ansvaret vårt for å hjelpe dei eldre og uføre. I dette budsjettet ligg det fleire nøkkelfaktorar for å lykkast. Realisering av tiltaket med nye omsorgsbustadar på Pålhaugen har fått sin rettmessige plass med ferdigstilling i løpet av planperioden. Fleire har venta lenge på tiltaket og faren er at folk vil bygge privat om dette ikkje vert realisert no. Det vil verte langt dyrare å drive. Vi bør i prosessen vurdere å kvitte oss med Hjellebakken då bustadane der treng stort vedlikehald og ikkje er tilpassa målgruppa.

Den nye vedlikehaldsplanen viser at Hadartun er eit bygg som med vedlikehald kan leve i mange år endå. Tankar om ny sjukeheim i sentrum vert difor lagt bort, og vi satsar på ei oppgradering av området ved Hadartun. Her ligg inne fleire vedlikehaldstiltak. Oppgradering av omsorgsbustadane ved Hadartun er nødvendig og vi rår til å omdefinere desse til omsorgsbustadar med heildøgns omsorg og pleie. Vidare rår vi til å rive det gamle legekontoret for å unngå løpande utgifter der, samstundes som vi planlegg nytt bygg på tomta med base for heimesjukepleie, hjelpemiddellager og fleire omsorgsbustadar.

I tråd med kommunestyrevedtaket om å ikkje vere med vidare i Helseplattformen (HP) er pengane til dette tatt ut av budsjettet. Det er gjort med stor bekymring for vegen vidare for utvikling av helsetenesta og innbyggarane sitt tilbod. Det er uklart kor mykje det vil koste for Hareid å stå utanfor HP, eller kva eit alternativ vil koste og difor er det heller ikkje mulig å budsjettere med noko til dette. Det står dermed i dag som ei sak vi må kome attende til i neste års budsjett, eller alternativt i ei budsjettkorrigeringssak.

 

Vår viktigaste ressurs

Hareid har mange dyktige medarbeidarar og kommunen driv gode og effektive tenester på dei fleste område. I kommunebarometeret, som er ei samanlikning mellom alle norske kommunar, skårar Hareid svært godt på effektive tenester. I forhold til kostragruppe 10 og landet utan Oslo har vi lågare driftsutgifter til barnehage, men noko høgare driftsutgifter til grunnskule. Innan helse og omsorg driv vi samla sett med lågare kostnader enn dei vi vert samanlikna med, men vi ligg høgre når det gjeld dei over 80 år som bur på sjukeheim og på brukarar av heimetenester i aldersgruppa 0-66 år. Dette er vi klar over og arbeidet med kvalitetsstandard er viktig her. Vi må fortsette å sjå til dei kommunane som driv enda meir effektivt enn oss og hente inspirasjon og lærdom for å verte endå betre.

Vi står som dei fleste andre kommunar framfor eit krafttak for å tilpasse driftsvolum til budsjett. Det er konkurranse mellom kommunane i å trekke til seg innbyggarar, og for å lukkast er det ikkje nok å berre ha gode tenester. Vi må også ha det som gir bulyst, som gjer at folk vil bu nettopp her. Skal vi investere med bruk av lån må vi ned på andre driftsutgifter. Det meste av dei kommunale midlane er knytt til lønn, og då vert det der vi må ta inn auken på investeringskostnadar. Vi har i tillegg den utfordringa at vi har så mykje gjeld at vi ut frå våre finansielle måltal ikkje bør låne meir. Dette er meir omtalt under økonomileiar sin uttale til budsjettframlegget. Dilemmaet ligg då i om vi skal tore å satse på vidare utvikling av lokalsamfunnet trass den store gjelda, eller om vi skal la vere. I begge alternativa må vi tenkje langstidskonsekvens og effekt.

I omstillingsprosessar er det ekstra viktig å vite at vi treng gode, lojale og dyktige medarbeidarar. Dette krafttaket vil kvile mykje på deira skuldrar. I årets budsjett ligg her store kutt på ekstravakt, vikar og overtid. Dette har vi gjort for å unngå oppseiing av fast tilsette. Men alt frå 2023 treng vi ein reduksjon av faste lønskostnadar. Per i dag er dette stipulert til 2,2 million kroner, og aukar til det doble i slutten av perioden. Vi må i størst mogleg grad få dette til ved naturleg avgang.

I årets budsjett ligg det kutt i kompetanseutvikling, og dette må vere av kort forbigåande art for det er avgjerande viktig for å lykkast med å rekruttere og halde på medarbeidarar. Om alle forstår at det er snakk om ein ekstra innsats for å nå eit godt mål er ein villig til å yte det vesle ekstra. Ei årleg evaluering av medarbeidartilfredsheit er difor viktig. Like eins god oppfølging gjennom medarbeidarsamtalar, og overvaking av sjukefråværet med ditto god oppfølging av dette.

 

Om budsjettet og prosessen

Vi har tradisjonelt arbeidd med budsjettet med utgangspunkt i vidareføring av fjorårets budsjett, og nye tiltak og innsparingstiltak nedanfrå og opp gjennom sektorane. Kommunedirektøren leiargruppe og økonomileiar har samarbeidd om prosessen og det endelege resultatet.

I år starta også arbeidet med tiltak frå einingsleiarar, sortert og prioritert frå kommunalsjefane. På det tidspunktet definerte vi manglande inndekning på over 20 millionar kroner. Vidare har budsjettarbeidet vore topp styrt gjennom ei tverrfagleg ressursgruppe med utgangspunkt i økonomiavdelinga. Strategien har vore å ta meir utgangspunkt i rekneskap enn budsjettrammer. Vidare har vi sett meir på forbruk på enkeltpostar framfor sektorgrenser. Vi har definert kva som gir auka utgifter og sett spesielt på samsvar mellom budsjett og rekneskap når det gjeld inntekter. Vi har hatt ei stor auke i lønsutgifter, og det er mykje knytt til enkeltvedtak på tenester. Arbeidet avdekte kjende og nokre nye behov for justeringar, og det har vore jobba godt med konsekvensjustering av budsjettet. Med utgangspunkt i K-sak 21/1067 der kommunestyret gav mynde til å omdisponere midlar mellom sektorane har kommunedirektøren gjort ei justering i sektorrammene. Velferdssektoren har fått ei nødvendig styrking etter denne gjennomgangen.

Budsjettet har svært tronge rammer utan slark for uventa hendingar. Begge dei to store sektorane har ein stor auke i utgifter til enkeltbrukarar. Ein stor budsjetteringsfeil på vel 6 millionar kroner på integreringstilskotet vil dessverre bidra til at vi får endå større problem med å nå målet om ei drift i økonomisk balanse for 2021, og denne må også oppfinansierast i 22-budsjettet. Det er forventning om ekstra overføringar frå staten, og dette må i så fall nyttast til å styrke det eksisterande budsjettet. Her er ikkje rom for fleire tiltak. Det er heller snakk om å diskutere kva vi kan ta ut. Det hadde vore ynskjeleg å kunne legge inn fleire stillingar til førebyggjande tiltak, men det er det ikkje funne rom for.

Vi er på veg mot gjeldstoppen i fylket med ei netto lånegjeld på 131 prosent av brutto driftsinntekter. Anbefalt er maks 100 prosent. Økonomiplanen og årsbudsjettet skal settast opp i balanse og vere realistiske. Økonomiplanen er i balanse, men svært stram og utan rom for uventa hendingar. Vi må fortløpande vurdere og eventuelt revurdere tiltak og gjere omprioriteringar. Om strategien med å skaffe fleire innbyggarar glepp, eller renta stig til nye høgder vil den økonomiske situasjonen verte svært krevjande. I budsjettframlegget ligg her årlege overføringar til driftsfond i tråd med eiga sak om finansielle måltal.

Auke i eigedomsskatten er eit inntektspotensiale vi ikkje har henta ut i budsjettframlegget. Det er ein upopulær skatt både for innbyggar og politikarar, men like fullt ein skatt som går direkte tilbake til kommunen for å kunne prioritere tiltak som vi elles ikkje vil få gjennomført. Noverande eigedomsskatt er avgjerande for å få realisert dei investeringstiltaka som ligg i budsjettet. Kommunedirektøren ser at auke i eigedomsskatten også vil vere eit element i tema bulyst, og dette saman med klare politiske føringar gjer at det ikkje er tatt inn i budsjettframlegget. Auke av inntekter og reduksjon av utgifter er eit tema som fortløpande må vurderast i tida framover.

Spørsmålet no er om vi skal bruke pengane til rein tenesteproduksjon eller om vi i tillegg skal våge å satse på tiltak som gir vekst i Hareid, og tru at vinden i segla fører oss i kvit sektor. I dette budsjettframlegget ligg her føringar om det siste.

 

Vegen vidare

Med den offensive satsinga fylgjer det også ein risiko som vi må vere klar over, og vurdere. Vi må kutte på drift om vi skal investere endå meir. Det kjem klart fram av budsjettframlegget at satsinga krev nedbemanning då lønn er den største utgiftsposten i ei kommune. Vi må då vere innforstått med at det vil kunne gå på bekostning av tenesteproduksjonen og vert krevjande for dei tilsette. Om vi lykkast med tiltaka vil fleire innbyggjarar gi større rammeoverføringar frå staten og fleire skatteinntekter. Næringslivet vil vekse. Og vi får det handlingsrommet vi treng for å drive gode tenester og utvikle kommunen vidare. Undervegs må vi ta i bruk ny teknologi og nye arbeidsmåtar som vil redusere tidsklemma for den enkelte tilsette. Det må difor prioriterast pengar til leiarutvikling, nøkkelkompetanse og kompetanseutvikling, samt tiltak som fremmer den utviklinga vi ynskjer. Reduksjon av tenestevolum må vurderast fortløpande og som ein konsekvens av kvalitetsstandarden som er under utvikling i velferd.

I budsjettframlegget ligg oppfølging av tidlegare politiske vedtak og nye tiltak som skal gi god kost nytte. Kommunen har behov for både vedlikehald, avhending av bygg og nybygg. Det viktig at vi no har ein bevisst strategi på prioritering av tiltak. Den økonomiske situasjonen er slik at vi må sikre oss at vi får prioritert det viktigaste først. Det er avgjerande viktig at vi får dimensjonert omsorgstenesta til å kunne møte behova som kjem elles vil denne verte svært dyr å drifte. Nokre tiltak må gjennomførast samstundes, men kommunedirektøren ser det som viktig for den totale driftssituasjonen at tiltaka som er skildra innanfor velferd sitt område vert prioritert før nye skulebygg og andre kommunale behov.

Eg håper at budsjettdokumentet vil gi dei folkevalde eit godt grunnlag til å ta dei beste vala for kommunen, for til slutt er det kommunestyret som må ta den endelege avgjersla. Det er berre det første året i handlingsprogrammet som er juridisk bindande, og vi vil nok uansett kva vedtak vi gjer måtte kome attende til viktige prioriteringsdebattar og val i dei komande åra.

Vi legg ved ein del grunnlagsdokumentasjon som vedlegg. Takk til alle som har vore med i arbeidet med budsjettgrunnlaget.

Lykke til med lesinga og vala for framtida!

Ragnhild Velsvik Berge

Kommunedirektør