Budsjett og handlingsprogram 2022-2025

 Her finn du all informasjon du treng for å halde deg oppdatert på budsjettet for neste år og økonomiplanen i åra som kjem.

Trykkar du på «knappane» over kjem du direkte til dei ulike temaartiklane og dokumenta.

Slik er prosessen:

8. november: Formannskapet fekk fyrste innsyn i budsjettdokumentet. Då orienterte kommunedirektør, økonomileiar og budsjettansvarleg om budsjettet og korleis administrasjonen hadde jobba. Denne orienteringa kan du sjå i opptak her.

15. november: Eldreråd, ungdomsråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne fekk orientering av administrasjonen. Dei kan levere uttale til budsjettet.

16. november: Den politiske handsaminga av budsjettet startar med handsaming i hovudutvala, næring- og miljøutvalet og levekårsutvalet.

17. november: Digitalt folkemøte. Her fekk alle som ønskte det kome med spørsmål og innspel. De kan sjå opptak av møtet her.

24. november: Formannskapet handsama budsjettet. Vedtaket dei gjer blir lagt ut til høyring. De kan sjå opptak av møtet her.

25. november – 8. desember: Alle som ønsker de kan sende inn høyringssvar. Les meir om korleis her.

9. desember: Kommunestyret vedtek endeleg budsjett.