Erlend Friestad /Nanseth media
- Vi jobbar hardt for å få kommuneøkonomien på rett kjøl. Vi skal klare det, men det vil smerte. I framlegget ligg kontroversielle forslag som vil vere vanskeleg for mange å svelgje. Dessverre ser vi ingen veg utanom, seier kommunedirektør i Hareid kommune, Bent Arild Grytten.
LES OGSÅ: Kommunedirektøren si innleiing til budsjettet
Det er eit alvorleg bakteppe som ligg til grunn for budsjettforslaget:
- Hareid kommune vil ved årsslutt ha eit samla meirforbruk dei siste tre åra på rundt 125 millionar. Dette beløpet skal betalast tilbake.
- Statsbudsjettet gir inga draghjelp til Hareid kommune i form av auka inntekter. Tvert om – vi ligg an til å få mindre vekst i frie inntekter enn det vi hadde lagt til grunn, basert på kva vi fekk i 2025.
- Vi vil få fleire eldre – og færre yngre innbyggarar
- Lånegjelda er rekordhøg og renta blir sannsynlegvis ikkje sett særleg ned
- Kommunen får ei kraftig auke i pensjonskostnadar på 14 millionar samanlikna med 2025
- Då vi starta budsjettarbeidet «mangla» det 36 millionar for å gå i null. Vi har brukt masse tid på å leite etter stadar og kutte eller inntekter for å lage eit realistisk budsjett, men vi kom til eit punkt der det ikkje var mogleg å kutte i tenestene våre utan å gå på akkord med lovkrav og forsvarlegheit. Dermed måtte vi ty til dei større tiltaka som monnar, forklarer han.
Grytten er klar over at fleire av tiltaka i budsjettframlegget vil føre til uro og bekymringar hos innbyggarane og tilsette.
- Eg har full forståing for at dette er vanskeleg for innbyggarar og tilsette, men slik situasjonen har utvikla seg, er det dessverre vanskeleg å kome unna desse smertefulle tiltaka, seier kommunedirektøren.
LES OGSÅ: Her kan du lese heile budsjettframlegget
Under følgjer korte samandrag av dei viktigaste tiltaka som blir føreslått. Du kan lese meir ved å trykke på lenkene under kvart tiltak.
Redusere tilsette
I løpet av 2026 skal kommunen redusere talet på tilsette for å spare 10 millionar. Så langt som råd er målet å unngå oppseiingar, men det er lang frå sikkert at det vil vere mogleg. Tiltaket gjeld heile kommunen og alle sektorar. Bedriftshelsetenesta Avanova blir involvert for å sikre ein forsvarleg prosess.
Les meir om tiltaket her.
Investeringar
Statsforvaltaren har signalisert at dei vil godkjenne låneopptak til sjølvkostprosjekt knytt til vatn- og avlaup, startlån og likviditetslån.
Kommunedirektøren har lagt inn to mindre prosjekt på eigedom (byte av lysarmatur på sjukeheimen og fullføring av ROP-bustadar). Pålhaugen-prosjektet blir sluttført.
Les meir om investeringar her.
Endre tiltaksplan
I økonomiplanen 2025-2028 låg det inne at Hareid kommune i 2026 skulle betale tilbake 14,8 millionar av det totale meirforbruket. No ser vi at dette ikkje er mogleg og 2026-inndekkinga blir redusert til 1,4 millionar. Vi utvidar også perioden for inndekking til 10 år.
Eigedomsskatt
Kommunedirektøren føreslå å auke eigedomsskattesatsen til 4 promille for private bustadar og fritidseigedomar. I dag er satsen på 3 promille. Dersom du betalte 7000 i eigedomsskatt i 2025 – vil du måtte betale 9310 kroner (pluss eventuell auke fordi bustaden din blir meir verdt). Totalt vil kommunen få inn fire millionar ekstra på å auke eigedomsskatten.
Endre skulestruktur
Vi får stadig færre skuleelevar. Framskrivingar viser at vi vil ha om lag 100 færre barn i skulealder i 2032. Kommunedirektøren legg derfor fram forslag om å endre skulestrukturen og leggje ned éin skule frå hausten 2026. Det er ikkje bestemt kva skule det er. Elevane vil bli flytta til Hareid skule – som har ledig kapasitet. Førebelse utrekningar viser at kommunen vil spare om lag 6 millionar i året på dette fordi det er behov for færre tilsette. Dersom framlegget blir vedteke, vil det bli laga ei eiga sak der konsekvensane av tiltaket vil bli belyst.
Les meir om dette forslaget og resten av sektor for læring og kultu.r
Kutte dagsenter
Kommunedirektøren føreslår å leggje ned dagsenteret for eldre. Dette tiltaket blei føreslått også i 2025-budsjettet. Kommunen vil spare 795 000 kroner på nedlegginga.
Les meir om forslaget og resten av sektor for velferd her.
Vegen til vedtak
Det fyrste som skjer no er at budsjettet skal handsamast i levekårsutvalet, næring- og miljøutvalet, råd for menneske for nedsett funksjonsevne, eldrerådet og ungdomsrådet.
Så vil saka opp i formannskapet. Dei vil så leggje fram sitt budsjettforslag – som skal ut på høyring.
Budsjettet vil så ligge ute på høyring i to veker før kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Sidan Hareid kommune er på Robek-lista, må statsforvaltaren godkjenne budsjettet.
Sei di meining
Vi opnar allereie no for innspel til budsjettet. Les meir om korleis du kan seie di meining her. Du kan også lese innspela frå andre.