Budsjettet er vedteke. Her får du ein kjapp oversikt

Kommunestyret var samrøystes då dei vedtok budsjettet for Hareid kommune 2021. I denne artikkelen kan du lese vedtaket.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Budsjettdokumentet er eit stort og massivt dokument. Vi skjønar at ikkje alle har kapasitet til å gå inn i alle sakene. Her kjem eit utdrag av nokre av dei viktigaste punkta.

Vedtaket i kommunestyret tar utgangspunkt i formannskapet sitt vedtak. Formannskapet vedtok igjen kommunedirektøren sitt budsjettforslag med endringar.

Her kan du sjå fyrste del av kommunestyremøtet.

Budsjettsaka starter 1 time og 55 minutt uti sendinga.

Her kan du sjå andre del av kommunestyremøtet

 

Kommunestyret vedtok ingen nye tiltak eller endra tiltak utover det som kjem fram av tekstvedtaket under – dei sokalla verbalpunkta (nummereringa er frå vedtaksteksten):

(Sjå nedst for andre tiltak)

3. Kommunestyret gir Formannskapet mynde til å gjere omdisponeringar innanfor sektorane sine rammer etter tilråding frå kommunedirektør. Omdisponeringar mellom sektorane må som før gjerast i Kommunestyret i form av budsjettrevisjon.

4. Kommunedirektøren sine forslag til innsparingstiltak må konsekvensutgreiast og risikovurderast. Det må gjennomførast ei konkret berekning av den økonomiske effekten av tiltaka.

5. Det er mange usikre faktorar i det framlagde budsjettet og handlingsplanen. Rammene for driftsbudsjettet må overhaldast i 2021. Dersom inntektssida sviktar/endrar seg, må det gjerast tiltak som justerer drifta i samsvar med desse.

6. Dersom det likevel vert overskridingar i 2021 er konsekvensane svært store. Kommunedirektøren må då legge fram nye tiltak for å halde dei økonomiske rammene. Formannskapet må jamleg haldast oppdatert.

7. kr 25.000 ekstra til Vonheim finansiert med tilsvarande reduksjon på Samfunn.

8. Kr 5 mill. i 2021 og kr 5 mill. i 2022 til vatn og avløp til Nesset. Sjølvkost og ikkje påverknad på drift.

9. Det vert gjennomført ei oppgradering/investering på Bigset skule innanfor ein av vedlikehaldspakkane. Formannskapet skal bli løpande orientert om slike omdisponeringar blir gjort.

10. Dei vedtekne investeringsrammene er relativt grove berekningar og mindreforbruk på eit prosjekt kan nyttast til små overskridingar på andre prosjekt. Betydeleg mindreforbruk skal føre til mindre låneopptak.

 


11. Kommunen engasjerer seg i «Jørgenplassen» på Hjørungavåg når formalitetane er på plass. Ingen budsjettverknad i 2021.

12. Forhandling om grunnkjøp og evt seinare regulerering ved skulen på Hjørungavåg. Ingen budsjettverknad for 2021.

13. Kommunen har kjøpt grunn på Plassane i Hareid. Forhandlar om vidare grunnkjøp. Ingen budsjettverknad for 2021.

14. Kommunen vurderer kva ein kan få til av tomter på Bigset. Ingen budsjettverknad for 2021

15. Kommunen vurderer kva ein kan få til av tomter på Brandal. Ingen budsjettverknad for 2021.

16. Vi vil styrke arbeidet vårt knytt til førebygging blant born og unge, mellom anna med eit tilpassa fritidstilbod. Kommunestyret ber kommunedirektøren, gjerne i samarbeid med andre, sjå nærare på ulike eksisterande tilbod/ordningar andre stadar. Vi kan i desse inngå samarbeid for å etablere tilbod i vår kommune. Ingen budsjettverknad for 2021.

17. Hareid kommune er ei av få på Sunnmøre som ikkje er medlem i Sunnmøre Friluftsråd (Stikk Ut). Kommunestyret ber om ei utgreiing av saka der finansieringsløysing også blir skissert. Ingen budsjettverknad for 2021.

18. Kommunen opprettar dialog med Hjørungavåg idrettslag om evt bygging av idretts-/fleirbrukshall på Jomsvoll. Kostnadane til ein slik hall skal ikkje belaste drifta til Hareid kommune. Ein føreset at saka kjem opp til behandling i idrettsrådet.

19. Hareid kommunestyre bed kommunedirektøren undersøke, og vurdere å trekke Hareid kommune ut av vertkommuneavtalen med Ulstein når det gjeld feiing og tilsyn. Saka kjem tilbake til formannskapett i samband med evaluering av brann-samarbeidet mellom Hareid og Ulstein.

20. Hareid kommune opprettar dialog med Hareid Idrettslag om å sjå på ulike løysingar for turnhall i tilknytning til Hareidhallen. Dette skal ikkje medføre økonomiske konsekvensar for budsjettet for 2021.

21. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å legge fram ei kostnadskalkyle for utgifter og inntekter knytt til kommunen sitt SFO-tilbod i samband med neste års budsjettprosess. Kalkylen må seie noko om korvidt kommmunen fyl kravet i opplæringslova paragraf 13-7. Neste års rullering av gebyrsatsar for SFO må synleggjere kor stor gebyrauken er, og kostnadskalkyla skal vere grunnlaget for neste års (2022) endring i gebyrsatsane for SFO.

22. Sett i lys av den pågåande Covid19-pandemien er det stor sannsynleg heit for at den kommunale ungdomsklubben ikkje kan arrangere månadlege klubbkveldar første halvår 2021. Kommunestyret ber derfor om at midlane som var tiltenkt drift skal brukast til flest mogleg opne kveldar innanfor ramma. Kommunestyret ønsker også at klubbkveldar to gonger pr månaden skal vidareførast i heile 2022 og ber kommunedirektøren inn arbeide midlar til dette i samband med budsjettarbeidet for 2022.

23. Kommunestyret ber kommunedirektøren utgreie ei sak om å redusere den kommunale formueskatten til 0,2 % etter model frå Bø kommune i Vesterålen. Dette for å tiltrekke oss fleire innbyggjarar og dermed økte skatteinntekter.

24. Kommunestyret bed administrasjonen greie ut om eit samprosjekt mellom framtidig idretts- og friluftsbarnehage og turnhall kan vere realiserbart.

 

Her er eit utdrag frå investeringsoversikta for 2021:

  • Hjørungavåg skule: skulekjøken, led-lys, røykvarslarar med meir (4 mill)
  • Lys sjukeheim, branntiltak (1 mill)
  • Møblering bibliotek (1,5 mill)
  • Toalett ved Nesset-elva (1,2 mill)
  • Trapp, heis og uteområde ved Helsehuset (4 mill)
  • Oppgradering av Tusenårsplassen (3 mill)
  • Ombygging av kyrkjelydshus – ny kontorfløy (4 mill)
  • Fiberutbygging Almestranda, Ulset, Kvammen, Hjørungneset (4 mill)
  • Holstadfeltet, grunnkjøp og bygging av kanal (16 mill)

Totalt ligg det inne investeringar for 169 millionar

 

Investeringar sjølvkost (vatn/avlaup mm), eit utdrag:

  • Kai Tusenårsplassen (1 mill)
  • Avskjære overvatn Ytre Hareid (2,5 mill)
  • Renseanlegg Raffelneset (10 mill)
  • Sjøleidning Raffelneset (7,5 mill)
  • Kloakk/avlaup Overåsanden (5 mill)

Totalt er det lagt inn 57 millionar i investering på sjølvkost

 

Driftstiltak, eit utdrag:

  • Omgjering av 16 plassar på bueininga på sjukeheimen til bukollektiv (spare 1 mill)
  • Nedlegging av 8 plassar på korttidseininga på sjukeheimen (spare 2 mill)
    • Merk: Kommunedirektøren sine forslag til desse innsparingstiltaka skal konsekvensutgreiast og risikovurderast. Det må gjennomførast ei konkret berekning av den økonomiske effekten av tiltaka.
  • Redusert overføring til privat barnehaget (spare 2 mill)
  • Auke i legeavtale (0,6 mill)
  • Bortfall av leigeinntekter Myrtunet (2 mill i mindre inntekter)