Høyring: Budsjett 2021

Høyring: Budsjett 2021

Vi vil ha dine innspel til budsjettet. Dei kan du melde inn fram til onsdag 9. desember kl 15.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Måndag 23. november vedtok formannskapet si innstilling til budsjett for 2021. Etter kommunelova skal denne innstillinga ligge ute til høyring i to veker før kommunestyret gjer eit endeleg vedtak.

Det vil dei gjere i møte 10. desember.


Slik sender du innspel

Alle som vil  kan kome med innspel/ønske/tilbakemeldingar. Alle innspela vil bli lagt ved handsaminga i kommunestyret. Vi rår deg som har endringsframlegg til formannskapet si innstilling om å også ta kontakt med dei folkevalde i kommunestyret. Då er det størst sjanse for at dine framlegg blir ein realitet.

Innspel kan sendast på e-post til 

Innspel kan også sendast som brev til

  • Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

Merk konvolutt med «innspel til budsjett»

Innspel må vere komne fram til Hareid kommune innan kl 15 onsdag 9. desember.

Via denne lenka finn du kontaktinformasjon til dei folkevalde i kommunestyret.

Formannskapet si innstilling

Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek kommunedirektøren si tilråding med 18 endringspunkt. Det kan lese heile innstillinga her, eller sjå tekstpunkta nedst i denne artikkelen.

Kommunedirektøren sitt framlegg finn de her.

Formannskapet si innstilling i si heilheit

Innleiing

Kommunedirektøren og leiargruppa har lagt mykje og godt arbeid i å få fram eit budsjett i ballanse utan auke i eigedomsskatten for 2021. Budsjettet ber preg av innstramming, omstrukturering og lite handlingsrom. Det er likevel mange usikre faktorar knytt til budsjettet og vi er særs sårbare for sjølv små endringar.

På inntektssida er det nytta tal frå «grønt hefte» som mellom anna inneber ein auke på vel 7 mil. i skatteinngang samanlikna med budsjett for 2020. Med dei indikasjonane vi ser hittil, vil skatteinntektene vere over 6 mill. lågare enn budsjettert i 2020. Det betyr at skatteinntektene for Hareid må vere over 13 mill. høgare i 2021 enn i 2020. Det må skje betydelege endringar i arbeidsmarknaden dersom det skal verte ein realitet.

Det er vidare lagt opp til ei innsparing på drifta i 2021 samanlikna med rekneskapen for 2020. Dette er stort sett innsparingar som var vedtekne for 2020, men som ein ikkje har klart å gjennomføre i år. Det er absolutt naudsynt at innsparingane vert realisert i 2021.

Investeringane i budsjettet og handlingsplanen er stort sett basert på allereie fatta vedtak og det er berre 20 mill. i nye tiltak. Dei nye tiltaka er stort sett retta mot vedlikehald, breidbandutbygging og mindre tiltak for auka bulyst.

For framtida må ein fokusere på investeringar som aukar inntektene våre og investeringar som reduserer kostnadane. Samstundes må vi enten vedlikehalde det vi eig eller så må vi selje det.

 

Endringsforslag i budsjettet for 2021

1. Kommunestyret vedtek Økonomi- og handlingsprogram 2021 - 2024 slik det ligg føre med saksvedlegg med følgande endringar og tillegg.

2. Kommunestyret gir Formannskapet mynde til å gjere omdisponeringar innanfor sektorane sine rammer etter tilråding frå kommunedirektør. Omdisponeringar mellom sektorane må som før gjerast i Kommunestyret i form av budsjettrevisjon.

3. Kommunedirektøren sine forslag til innsparingstiltak må konsekvensutgreiast og risikovurderast. Det må gjennomførast ei konkret berekning av den økonomiske effekten av tiltaka.

4. Det er mange usikre faktorar i det framlagde budsjettet og handlingsplanen. Rammene for driftsbudsjettet må overhaldast i 2021. Dersom inntektssida sviktar/endrar seg, må det gjerast tiltak som justerer drifta i samsvar med desse.

5. Dersom det likevel vert overskridingar i 2021 er konsekvensane svært store. Kommunedirektøren må då legge fram nye tiltak for å halde dei økonomiske rammene. Formannskapet må jamleg haldast oppdatert.

6. kr 25.000 ekstra til Vonheim finansiert med tilsvarande reduksjon på Samfunn.

7. Kr 5 mill. i 2021 og kr 5 mill. i 2022 til vatn og avløp til Nesset. Sjølvkost og ikkje påverknad på drift.

8. Det vert gjennomført ei oppgradering/investering på Bigset skule innanfor ein av vedlikehaldspakkane.

9. Dei vedtekne investeringsrammene er relativt grove berekningar og mindreforbruk på eit prosjekt kan nyttast til små overskridingar på andre prosjekt. Betydeleg mindreforbruk skal føre til mindre låneopptak.

10. Kommunen engasjerer seg i «Jørgenplassen» på Hjørungavåg når formalitetane er på plass. Ingen budsjettverknad i 2021.

11. Forhandling om grunnkjøp og evt seinare regulerering ved skulen på Hjørungavåg. Ingen budsjettverknad for 2021.

12. Kommunen har kjøpt grunn på Plassane i Hareid. Forhandlar om vidare grunnkjøp. Ingen budsjettverknad for 2021.

13. Kommunen vurderer kva ein kan få til av tomter på Bigset. Ingen budsjettverknad for 2021

14. Kommunen vurderer kva ein kan få til av tomter på Brandal. Ingen budsjettverknad for 2021.

15. Vi vil styrke arbeidet vårt knytt til førebygging blant born og unge, mellom anna med eit tilpassa fritidstilbod. Kommunestyret ber kommunedirektøren, gjerne i samarbeid med andre, sjå nærare på ulike eksisterande tilbod/ordningar andre stadar. Vi kan i desse inngå samarbeid for å etablere tilbod i vår kommune. Ingen budsjettverknad for 2021.

16. Hareid kommune er ei av få på Sunnmøre som ikkje er medlem i Sunnmøre Friluftsråd (Stikk Ut). Kommunestyret ber kommunedirektøren sjå nærare på om ein kan få til eit samarbeid med andre aktørar for eit spleiselag for å få på plass finansieringa av eit medlemsskap i Sunnmøre friluftsråd frå 2022. Ingen budsjettverknad for 2021.

17. Kommunen opprettar dialog med Hjørungavåg idrettslag om evt bygging av idretts-/fleirbrukshall på Jomsvoll. Kostnadane til ein slik hall skal ikkje belaste drifta til Hareid kommune.

Dette er eit utdrag av den utsende PDF-fila med tabellar som er lagt inn i saka. (sjå bakerst i dette heftet)

18. Hareid kommunestyre bed kommunedirektøren undersøke, og vurdere å trekke Hareid kommune ut av vertkommuneavtalen med Ulstein når det gjeld feiing og tilsyn. Saka kjem tilbake til formannskapett i samband med evaluering av brann-samarbeidet mellom Hareid og Ulstein.