Bur du på ein gard, og ønsker å vite meir om moglegheitene for å utvikle garden vidare? - Hareid kommune

Bur du på ein gard, og ønsker å vite meir om moglegheitene for å utvikle garden vidare?

Over 135 deltakarar fekk med seg fyrste runde med Garden som ressurs. No arrangerer hoppid-kontora i Hareid, Herøy, Ulstein, Sande og Vanylven, i samarbeid med Vekst i Hareid og Ulstein næringsforum, møte nummer 2. Her får du meir inspirasjon, motivasjon og inspirasjon. 

gardsbruka innover Hjørungdalen.  - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vi får høyre meir frå satsingane til Mats Jøsok Kvalsvik, Eileen Brandal og Margrethe Hareide Garnes, Lisa Mari Breivik Anderson, og Harald Strømmegjerde. 

Byggesakshandsamar Arild Støylen i Ulstein kommune vil orientere meir om kva ein bør tenkje på ved behov for bruksendring. 

Og kanskje får vi også ein prat med eit par kokkar om kva som skal til for at dei kan bruke meir lokale matvarer i sine restaurantar. 

Møtet går av stabelen på Tampenbuda på Hareid den 8. april frå kl 18-20.30. Det er gratis å delta, men vi treng påmelding på grunn av bestilling av mat. 

Påmelding her!