Desse ti skal sitje i ungdomsrådet

Kommunestyret valde samrøystes desse til å tale ungdomar si sak dei neste to åra.

Sunnmørsalpane med snø. Blå himmel, skumring. - Klikk for stort bilete Hareid kommune
  • Hedda Selvåg Larsen 
  • Ingrid Holstad-Dalsøren
  • Sofie Bjåstad
  • Gudmund Gryt
  • Vinter Brandal Johansen 
  • Thanura Premakumar
  • Håkon Stokke Nytun
  • Prajiv Selva
  • Håkon Alexander Kleppe
  • Ange Shanel Koffi

 

Valperioden for ungdomsrådet er 2 år, så desse medlemmane vil sitje ut 2027. Ungdomsrådet skal sjølv velje leiaren sin. Det skal dei gjere i fyrste møtet som blir rett over vinterferien.

Ungdomsrådet er eit organ der ungdom får høve til å påverke korleis kommunen utviklar seg. Rådet består av ungdom opptil 19 år, og representerer stemmene til barn og unge i saker som gjeld kvardagen deira. Dette kan vere alt frå kulturtilbod, skulemiljø og fritidsaktivitetar til større samfunnsspørsmål som miljø, trafikksikring og arealplanlegging.

Rådet fungerer som eit rådgjevande organ for kommunestyret, og skal sikre at ungdomsperspektivet blir høyrt når kommunen fattar beslutningar. Det betyr at ungdomsrådet kan komme med innspel, uttalar og forslag i saker som er til politisk behandling. I Hareid kommune har ungdomsrådet talerett i alle folkevalde organ.

Gjennom arbeidet i ungdomsrådet får medlemmane erfaring med demokrati i praksis. Dei lærer å samarbeide, leie møter, diskutere, finne løysingar og formidle synspunkta sine på ein konstruktiv måte.