Digitalt folkemøte om budsjettet 2022

Vi vil høyre kva du meiner om budsjettforslaget frå administrasjonen! 

Sjå folkemøtet her:

Kva skal Hareid kommunen bruke pengar på dei neste åra? Og kva skal vi ikkje nytte ressursar på? Kva skal eigedomsskatten vere?

Tysdag  23. november klokka 18 arrangerer vi digitalt folkemøte om budsjettet 2022.

Det blir sendt direkte på Hareid kommune si Facebook-side og her på nettsida.

Alle som vil kan kome med innspel og spørsmål. Dei kan de sende inn allereie no på følgande måter:

De kan sende inn spørsmåla/innspela allereie no, eller under møtet. Dei vil så bli presentert for møtedeltakarane som svarer på dei under møtet.

Alle spørsmål, uavhengig av kanal, vil bli lagt fram som eit høyringsinnspel for kommunestyret.

På samlesida for budsjettet 2022 kan de lese budsjettdokumentet og anna nyttig om budsjettet og handlingsprogrammet.

Til stades på møtet vil kommunedirektør, kommunalsjefar, økonomileiar og kommunikasjonsansvarleg vere. 

Du kan sende innspel til budsjettet utanom folkemøtet også. Framlegget som blir vedteke av formannskapet blir sendt ut på høyring i to veker før kommunestyret vedtek budsjettet. Du kan sende inn høyringsinnspel heilt fram til og med 8. desember: