Eigenberedskap - råd til innbyggarene

Du er ein del av samfunnet sin beredskap. Myndigheitene forventar at dei fleste av oss er i stand til å klare oss sjølve i minst 72 timar.

Mann står framfor ope skap med naudproviant og -utstyr. - Klikk for stort bileteDøme på eit lite eigenberedskapslager. DSB
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Grunnleggande behov i ei krise

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er opptekne av at alle har ein plan for å betre eigenberedskapen sin.

Det skal ikke mykje til for at du og di familie skal kunne klare dykk sjølve i minst tre døgn. Mykje av det som trengs har de kanskje allereie i hus og boder.

Dette er dei grunnleggande behova som må dekkast dei første tre døgna:

  • varme
  • drikke
  • mat
  • medisinar
  • hygiene og sanitær
  • informasjon 

På lenka: sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar for å dekke dei grunnleggande behova.

Visste du forresten at det er spesielt ein ting folk gløymer når dei tenkjer på kva dei skal ha på lager, - nemleg vatn?

9 liter vatn pr person 

Vatn er noko av det viktigaste å ha dersom strømmen går og vatnet vert avstengt. Det er tilrådd å ha eit lager med 9 liter vatn pr person i heimen, dersom ein mister tilgongen på drikkevatn. Rett lagra vatn kan halde seg i årevis.

Lenke: Slik lagrar du vatn

Kva er ei krise?

  • Straumen vert vekk i fleire dagar
  • mobilnettet sluttar å virke
  • vatnet er forurensa eller avstengt
  • du kjem deg ikkje heimafrå grunna vêr eller sperra vegar
  • butikkane har ikkje varene du treng
  • du må vente på hjelp fordi mange andre er i samme situasjon

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Ekstremvêr, pandemiar eller endra sikkerheitspolitiske situasjonar kan vere med på å føre til bortfall av kritisk infrastruktur. Det gjer at Noreg ønsker å modernisere totalforsvaret.

Eigenberedskap er ein del av totalforsvaret og du er betre førebudd om du har tenkt gjennom korleis ein krisesituasjon vil påvirke deg, familien din og dei som er rundt deg.

Du bør tenke gjennom:

  • Kva for kriser kan ramme deg?
  • Korleis vil slike kriser påvirke deg?
  • Korleis kan du klare deg sjølv eit par dagar?
  • Kva kan du ikkje klare deg utan kvar dag (til dømes medisinar, hjelpemiddel) – og finst det nokon brukbare alternativ?
  • Er nokon avhengig av di hjelp? Familie, foreldre, naboar, vener eller kjæledyr?
  • Korleis kan du hjelpe andre?

Husk at i ei krise vil mange ha behov for ekstra støtte og hjelp. 

DSB har utarbeida ei brosjyre du kan laste ned og ha liggande: Du er en del av Norges beredskap – råd om egenberedskap

Eigenberedskap og beredskap i Hareid kommune

Vi som bur her i Hareid kommune har ved fleire høve opplevd å måtte halde oss innandørs grunna ekstremvêr, eller at straumen vert vekk over noko tid.

Vi erfarer at mange av innbyggjarane våre allereie har omsett bekymringar til praktisk handling, til korleis dei best mogleg kan ta vare på seg sjølve og dermed bli ein del av Hareid sin og Noreg sin beredskap. Det er fint!

Skulle ei katastrofeliknande hending inntreffe, kan Hareid kommune i løpet av svært kort tid måtte setje i verk ekstraordinære tiltak. I slike tilfelle vil det ikkje vere mogleg å følgje den ordinære beslutningsprosessen. Kommuna si kriseleiing vil då ha eit overordna beredskapsansvar for å gjennomføre naudsynte tiltak.

Ved endringar i beredskapssituasjon vil vi kunne legge ut særleg viktige meldingar på forsida av kommuna si heimeside. Desse vil vere markert med raud farge. Vi vil og nytte SMS-varsling for å nå ut raskt med informasjon.

Her finn du meir informasjon: Beredskap i Hareid kommune

Heilt til slutt - direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap sin hovedfilm for Egenberedskapsveka 2022.