Éin valkrins, permanent stenging av Kvitholvegen og førebygging – dette er nokre av sakene i næring- og miljøutvalet og levekårsutvalet 1. og 2. september

Eit felles beredskapsråd for ytre Søre Sunnmøre, framtidig valordning i Hareid, stenging av Kvitholvegen og eit nytt førebyggingsprogram for barn og unge er mellom sakene dei folkevalde skal behandle i næring- og miljøutvalet og levekårsutvalet neste veke. 

bilete av kvitholvegen. Grøne blad på trea, lett snødryss på bakken - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Næring- og miljøutvalet (NMU) har møte måndag 1. september klokka 15, medan levekårsutvalet LKU møtest tysdag 2. september klokka 15.

Her kan du lese alle sakspapira:

NMU

LKU

Under kan du lese eit samandrag av dei viktigaste sakene. 

 

Oppretting av felles beredskapsråd med Ulstein, Herøy og Sande kommunar

Sande kommune har teke initiativ til å etablere eit felles beredskapsråd for Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Bakgrunnen er eit ønske om tettare samarbeid innan samfunnstryggleik og beredskap, og å styrkje samhandlinga mellom kommunane og andre sentrale aktørar.

Det føreslegne rådet skal vere eit rådgjevande og samordnande organ. Her kan kommunane dele erfaringar, utvikle felles situasjonsforståing og koordinere arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering. Politiet, Sivilforsvaret, Forsvaret, næringslivet og frivillige organisasjonar er mellom aktørane som kan bli involverte.

Kommunedirektøren tilrår at Hareid kommune sluttar seg til samarbeidet og godkjenner dei føreslegne retningslinjene.

Saka skal opp både i NMU og LKU. Ho går vidare til formannskapet 7. september for vidare behandling, før kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. september.

 

Talet på valkrinsar i Hareid kommune

Ved stortingsvalet i 2025 hadde Hareid kommune eitt vallokale i staden for fire. Ordninga vart vedteken som ei mellombels løysing, men skal no vurderast på nytt med tanke på framtidige val. 

Bakgrunnen for saka er mellom anna endringar i vallova, som gjorde at dei tidlegare røystestyra fall bort og kommunen måtte løyse meir av bemanninga gjennom eigne tilsette. Samtidig har det vore krav om universell utforming av vallokala og auka behov for teknisk utstyr og opplæring. I vurderinga før valet i 2025 rekna kommunen med at tre ekstra vallokale ville medføre om lag 68 000 kroner i meirutgifter. 

Evalueringa etter valet viser at ordninga fungerte godt. Kommunen registrerte ingen avvik som påverka valgjennomføringa, og ingen melde frå om at dei ikkje fekk røyste som følgje av endringa. Administrasjonen peikar på at eitt vallokale gav betre oversikt, enklare leiing, mindre ressursbruk og redusert sårbarheit. Valansvarleg kunne vere tett på gjennomføringa gjennom heile valdagen, og kommunen klarte i stor grad å bemanne valet med eigne tilsette. 

Tilbakemeldingane frå veljarane var i hovudsak positive. Nokre få uttrykte misnøye fordi dei ønskte å behalde tradisjonen med vallokala i krinsane, men det kom få innvendingar mot den praktiske gjennomføringa. Evalueringa viser også at det var god kapasitet både i vallokalet og på parkeringsplassane ved rådhuset. Valdeltakinga ved stortingsvalet i 2025 var 80,6 prosent, noko som var høgare enn ved valet i 2021. 

Administrasjonen viser samtidig til at kommune- og fylkestingsvalet i 2027 vil vere meir ressurskrevjande enn stortingsvalet. Etter nedbemanningar i kommunen, mellom anna ved servicetorget, meiner kommunedirektøren at det er viktig å halde valgjennomføringa så enkel og robust som mogleg. Det blir derfor tilrådd at ordninga med éin valkrins blir permanent frå og med valet i 2027. 

Saka skal opp både i NMU og LKU. Ho går vidare til formannskapet 7. september for vidare behandling, før kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. september.

 

Permanent stenging av Kvitholvegen

Dei folkevalde i næring- og miljøutvalet skal ta stilling til framtidig bruk av Kvitholvegen. Saka er reist på bakgrunn av fleire meldingar om høg fart, utrygge trafikkforhold og utfordringar for mjuke trafikantar på den smale grusvegen.

Administrasjonen har vurdert ulike alternativ, mellom anna oppgradering av vegen, fartsdempande tiltak og permanent stenging. Erfaringane frå perioden med mellombels stenging vinteren 2025/2026, samstundes som grunneigarane framleis hadde tilkomst til eigedomane sine, blir trekte fram som positive

Kommunedirektøren tilrår at Kvitholvegen blir permanent stengd for gjennomkøyring, med moglegheit for opning ved særlege behov.

Saka går vidare til formannskapet for vidare behandling, før kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. september.

 

Kommunal førebyggingsplan for barn og unge 2026

Hareid kommune har fått tildelt 516 865 kroner frå Bufdir gjennom tilskotsordninga Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge 2026. For å få nytte midlane må kommunen vedta ein tiltaksplan for arbeidet i tilskotsperioden.

Planen byggjer vidare på kommunen sitt førebyggingsarbeid og inneheld tiltak retta mot barn, unge og familiar. Mellom tiltaka er helseopplysning i barnehage og skule, foreldrerettleiing, styrking av helsestasjonstenesta og individuell oppfølging av familiar som treng støtte.

Målet er å fremje tidleg innsats og bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge i kommunen.

LKU skal handsame saka før ho går vidare til formannskapet, og til slutt kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. september.

 

Lokal forskrift om bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved hjortejakt

Næring- og miljøutvalet skal ta stilling til om Hareid kommune skal opne for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort. Bakgrunnen er endringar i viltressurslova og tilhøyrande forskrifter som trådde i kraft 1. juli 2026. Etter dei nye reglane må kommunane vedta ei lokal forskrift dersom slike siktemiddel skal kunne nyttast ved ordinær hjortejakt. 

For å kunne opne for bruk av siktemidla må kommunen vurdere om det er nødvendig for å avverje alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser som følgje av høg hjortebestand. I saksframlegget blir det vist til at Hareid over fleire år har arbeidd for å redusere bestanden, mellom anna for å avgrense beiteskadar på innmark og redusere talet på hjortepåkøyrslar. Trass i at bestanden har gått ned dei siste åra, peikar administrasjonen på at det framleis er område med høg bestandstettleik i kommunen. 

Det kom inn åtte høyringssvar til framlegget. Fleirtalet støttar ei lokal forskrift, medan eitt av svara stiller spørsmål ved om vilkåra for å opne for slik bruk er godt nok dokumenterte. Kommunedirektøren tilrår å vedta forskrifta, som også inneber krav om rapportering av bruk av slike siktemiddel i Hjorteviltregisteret. 

Saka går vidare til formannskapet for vidare behandling, før kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. september.