Møtelokala var fulle av arbeidstakarar og arbeidsgivarar som ønska å knyte kontakt.
Christine Erdal
Ti bedrifter frå Hareid presenterte seg og sine behov for kompetanse, medan fem bedrifter og Hareid kommune stilte med stand. Dei 50 påmeldte deltakarane var aktive gjennom heile dagen, og speed datinga med næringslivet hadde fulle lister.
Johannes Alme (næringssjef), Helge Hamre (kommunalsjef læring og kultur), Erlend Friestad (kommunikasjonsansvarleg) og Peder Alme (prosjektleiar Plassane) stod på stand for Hareid kommune.
Christine Erdal
Plass til tilflyttarar
Hareid kommune deltok på stand der kommunen presenterte seg som arbeidsgivar. I tillegg vart bustadfeltet Plassane løfta fram – eit nytt og attraktivt område med nesten 40 einebustadtomtar, med fantastisk utsikt. Tomtene kjem snart for sal, og kommunen ønskjer å legge til rette for både tilflytting og lokal vekst.
Takk til alle involverte!
Hareid kommune vil rette ei stor takk til alle bedrifter, deltakarar og samarbeidspartnarar som bidrog til å gjere Jobbmoglegheiter // Hareid til ein suksess. Særleg vil vi løfte fram Vekst i Hareid og Millennium Cowork som hovudarrangørar.
Vi vonar dette kan bli ein tradisjon!