Elleve nye statsborgarar frå Hareid kommune

Hareid kommune fekk elleve nye statsborgarar busett i Hareid kommune, deltok på statsborgarseremonien i Ålesund.

dei nye statsborgarane frå Hareid kommune på scene. Alle har motteke ei rose. Dei er flankert av ordførar på venstre side og representantar frå statsforvaltaren på høgre side - Klikk for stort bileteOrdførar Bernt Brandal representerte Hareid kommune under statsborgarseremonien. Her står han på scenen saman med dei nye statsborgarane og IMDi-rådgivar Lars-Due Tønnesen (nr 2 frå høgre) og administrasjonssjef hos statsforvaltaren, Hilde Aure (nr 1 frå høgre). Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

- Det var både høgtideleg og fint å få vere til stades og markere denne viktige dagen saman med dei nye norske statsborgarane. Dei er ein del av lokalsamfunnet vårt, og eg håpar dei kjenner både tilhøyrsle og at dei er velkomne og verdsette her. Eg vil gratulere kvar og ein av dei med norsk statsborgarskap og ønsker dei alt godt vidare, seier ordførar Bernt Brandal etter seremonien.

Statsborgarseremonien vart arrangert i Ålesund 5. september for nye statsborgarar frå kommunar på Sunnmøre, i Rauma og i Vestnes. 1180 personar fekk statsborgarskap i Møre og Romsdal i 2025, og dei kom frå 86 ulike land. På seremonien deltok 140 av desse.

 

Rom for både feiring og minne

Statsborgarseremoniar er høgtidelege og feststemte markeringar, men årets seremoni finn stad i ei tid prega av sorg etter H.M. Kong Harald V sin bortgang. Seremonien gav derfor også rom for å minnast Kongen gjennom eitt minutts stillheit og framføring av «Kongesangen».

– Vi valte å gjennomføre denne dagen, sjølv om vi står midt i ei landesorg. Vi gjer det fordi vi meiner at det er i Kong Harald si ånd. Han ville likt at vi inviterte til fest for å feire at de no er ein del av det Noreg som han gav alt for, og som han elska, sa administrasjonssjef Hilde Aure hos Statsforvaltaren i talen sin.

– Kong Harald var raus og inkluderande. Han gleda seg over dei ulike kulturane de tar med dykk inn i fellesskapet vårt.

 

Ei markering som betyr mykje

Ordførar i Herøy, Ann-Kathrin Storøy, hadde teke turen til Ålesund saman med fleire nye norske statsborgarar frå kommunen.

– Dette er noko eg som ordførar ser fram til, og ønsker å prioritere. Det er stas å få vere med på ein dag som er så viktig for mange. Her har folk pynta seg og teke med seg venner og familie for å feire. Ja, det er nesten som 17. mai, sa ho med eit smil.

 

- Noreg er heime

Rundt Herøy-bordet gjekk praten lett. To av dei som sat saman med ordføraren, var Laima og Karol Grzelak. Ho er frå Litauen og han frå Polen, men dei møtte kvarandre i Noreg. 

Laima fekk norsk statsborgarskap i fjor. Denne dagen var det Karol sin tur. Han har budd 18 år i Noreg.

– Eg søkte om norsk statsborgarskap fordi eg ville integrere meg endå betre. Eg ville bli meir kjent med norsk kultur, og eg er interessert i norsk politikk. Det er viktig for meg å bruke stemmeretten min, fortalde han.

– Statsborgarseremonien gjorde at eg kjende meg bekrefta og anerkjent som ein del av det norske samfunnet.

Også Laima kjenner ei sterk tilknyting til landet.

– Det er Noreg som er heime for oss. Når vi er på ferie, kan vi ta oss i å lengte heim til Noreg og kvardagen vår her.

Ho syntest også det var kjekt å sjå at statsborgarseremonien samla menneske i alle aldrar.

– Eg trudde først at det ville vere mest unge folk på seremonien, men det stemte ikkje. Her er det nye statsborgarar i alle aldrar, og det er veldig kjekt å sjå.

 

Oppmoda til å engasjere seg

Ordførar i Ulstein kommune, Stian Skorgen Scheide, var gjestetalar.

– De har med dykk språk og kultur og tradisjonar, og ikkje minst minne, som alltid kjem til å vere med dykk. Det skal de vere stolte av. Dagen i dag handlar ikkje om å viske ut noko av dette. Han handlar om å starte eit nytt kapittel.

Ordføraren oppmoda dei nye statsborgarane til å engasjere seg og vere med på å forme samfunnet dei ønsker å leve i.

 

Lova truskap til Noreg

Etter talane gjekk dei nye statsborgarane opp på scena kommune for kommune. Der fekk dei rose og bok, før dei vart fotograferte. Deretter reiste alle seg og framførte truskapsløftet:

«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»

Seremonien vart avslutta med felles framføring av nasjonalsongen.

 

Samla til feiring

Då den formelle delen var over, heldt markeringa fram med kaffi, kake, is og brus. Salen var fylt av smil, gratulasjonar og samtalar mellom nye statsborgarar, familiar og inviterte gjester.

For mange vart dagen både ei markering av vegen dei har gått, og starten på eit nytt kapittel som norske statsborgarar.