Endeleg opnar BUA-utlånssentralen på Hareid!

Alle er invitert til  opningsfest 17. mars klokka 16 med kake. 

To personar som held opp ski, ballar, håv og står ved ein sykkel - Klikk for stort bileteRenate Seljeseth Bøe og Melinda Skeide gler seg masse til å låne ut aktivitet- og sportsutstyr. Erlend Friestad

BUA Hareid

  • Kva: Ein gratis utlånssentral for sports- og fritidsutstyr.
  • Kven: Prioriterer barn og unge, men er opent for alle.
  • Kvar: I kjellaren på rådhuset (inngang frå Bankplassen).
  • Finansiering: Støtta med 1,165 mill. kr frå Bufdir.
  • Mål: Bidreg til berekraftsmåla om god helse, mindre ulikskap og ansvarleg forbruk.

– Vi gler oss stort til å opne BUA, og feirar med kaffi og kaker. Ordføraren er invitert, og alle de andre, seier kulturleiar Melinda Skeide.

BUA-utlånssentralen er lokalisert i kjellaren på rådhuset, og no er hyllene fylt opp med masse nytt sports- og fritidsutstyr. Her finn du det du treng for ein fjelltur med tursekk og anna utstyr, ein skidag med langrenn eller slalåm, ein fisketur eller ein sommardag med ballspel og andre aktivitetar.  

Ønsker du å låne utstyr allereie på opningsdagen, må du opprette profil. Sjå faktaboks.

 

Kostar kommunen lite

Etablering av Bua er mogleg takka vere både økonomiske og praktiske bidrag frå mange aktørar. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet bidreg med over 1,1 millionar kroner fordelt over tre år, og både Sparebanken Møre og Sparebankstiftinga har bidrege med økonomisk støtte.

Dette er vi svært takksame for, og det gjer at etableringa ikkje belastar kommuneøkonomien i vesentleg grad, fortel Skeide

I tillegg har også fleire frivillige hjelpt til med det praktiske.

Vi har mellom anna fått hjelp til utveljing av utstyr og snikring av oppbevaringsløysingar, og vi set stor pris på positiviteten og hjelpa frå dei frivillige, seier ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe.

 

Skryt frå ordføraren 

Ordførar Bernt Brandal er svært nøgd med at kommunen no får på plass ein eiga utstyrssentral, noko som også er eit viktig mål i den signerte Fritidserklæringa. Han meiner tilbodet treffer blink på fleire område. 

– BUA vil vere eit fantastisk tilbod til innbyggjarane i Hareid. Her kan du låne utstyr du elles ikkje ville kjøpt, noko som gir ein glimrande moglegheit til å teste ein ny aktivitet. Det har ein god sosial profil, då mykje sportsutstyr er dyrt både å kjøpe og leige, seier Brandal. 

Folkehelsekoordinator Silje Aksnes er også glad for det nye tilbodet. 

- BUA fremjar folkehelsa fordi dei gjer det enklare og billigare for folk å prøve ulike aktivitetar. Når terskelen for å delta blir lågare, får fleire høve til å vere fysisk aktive, noko som styrkar både den fysiske og psykiske helsa. I tillegg bidreg det til sosial inkludering og mindre ulikskap i tilgang til friluftsliv og idrett, seier ho. 

I tillegg til å fremje god helse og livskvalitet, er BUA eit viktig bidrag til FNs berekraftsmål, særleg når det gjelder ansvarleg forbruk og mindre ulikskap. 

BUA vil vere samlokalisert med ungdomsklubben og ha ope på tidspunkt der klubben også er open.

Det gjer at vi får eit godt samspel både med ungdomar som bidra og dei frivillige på klubben. Vi har også fått tilbod frå andre lag og organisasjonar som ynskjer å bidra, fortel ungdomsarbeidar Renate.

Vi  ønsker også å tilby BUA som ein fin plass for arbeidstrening, og om det er andre som kan  tenke seg å jobbe frivillig på BUA, er det berre å ta kontakt med oss, oppmodar Melinda og Renate. 

Ver klar til å låne allereie no – opprett BUA-profil

  • For å låne utstyr gjennom BUA-nettverket må du ha bustadadresse i Norge, norsk mobilnummer og  opprette ein låneprofil. 
  • Når du opprettar ein låneprofil, må du verifisere personopplysningane dine med Vipps. Hvis du ikkje har Vipps, kan du verifisere mobilnummeret og e-postadressa ved å få tilsendt ei kode og vise fram legitimasjon første gang du skal låne. Når du kjem for å låne treng du berre å oppgi mobilnummeret ditt.  
  • Opprett låneprofil her
  • Barn og ungdom under 18 år kan låne gjennom BUA-nettverket, men ein myndig person må være ansvarleg for lånet. Den vaksne må opprette ein låneprofil og legge til mindreårige som medlåntakar, med eige mobilnummer og e-postadresse. Born som ikkje har eiga e-postadresse og mobilnummer, kan låne gjennom foreldra sin låneprofil dersom foreldra skriv det i notatfeltet i sin låneprofil. 

Dette kan du låne på BUA

I hyllene finn du allereie eit breitt utval av utstyr til både sommar- og vinterbruk. Her er noko av det som er tilgjengeleg:

Friluftsliv og camping:

  • Fjelltelt, soveposar og liggeunderlag.
  • Stormkjøken, termosar, tursekkar og kompass.
  • Hovudlykter.

Vinter og is:

  • Hockeyskøyter og kunstløpskøyter.
  • Langrennsski, akematter og truger.
  • Alpinhjelmar og broddar.
  • Hockeykøller.
  • Alpin- og fjellski

Sommar og vatn:

  • Syklar og sykkelhjelmar.
  • Fiskesett, håv og sjøkikkert.
  • Redningsvestar og flytevestar.
  • Badminton 
  • Basketball, volleyball, fotball 
  • Hengekøye 
  • Skateboard 
  • Boccia 
  • Golfsett 
  • Lavo 

Leik og spel:

  • Stigegolf og frisbeegolf.