Endringar i sektor for velferd

Perdis Holstad og Karoline Flø får nye og endra roller i sektoren.

portrett - Klikk for stort biletePerdis Holstad og Karoline Flø Hareid kommune

Perdis Holstad blir ny einingsleiar i helse og koordinerande eining. Ho vil gå inn i denne rolla i lag med kommunalsjef, fram til at endeleg organisering av denne eininga er ferdig.

Perdis vil blant anna ha ansvar for å jobbe fram etablering av tildelingskontor.

Karoline Flø bli einingsleiar på den nye eininga som består av kortids– og bueininga. Ho vil få ansvaret i lag med personalet, tillitsvalte, vernetenestene og leiarar, til å samle dei to einingane til å bli ei stor eining.

Sjølv om den nye eininga blir etablert frå 8. september, under éin leiar, så vil endringane i organisasjonskartet, turnus, samanslåing av budsjett og liknande, bli sett i samanheng med budsjettarbeidet vi er inne i og skal vedtakast i desember.

Vi ser fram til spanande endringar, og er glade for at Perdis og Karoline vil vere med å forme gode og framtidsretta tenester.