Engasjerande folkemøte om cruise og reiseliv i Hareid

Denne veka inviterte Hareid Cruisenettverk til folkemøte med tema cruise og reiseliv, i samband med at Hareid kommune satsar på å bli ein cruisehamn. 

Mann på scenen på biblioteket. Scenen er omkransa av publikum på stolar. - Klikk for stort bileteFrank Willi Djupvik frå Måløy Adventure var ein av dei som hadde innlegg på folkemøtet. Larysa Parkhomenko

Allereie neste år vil dei første cruiseskipa legge til kai i Hareid – ei stor hending som opnar nye moglegheiter for både innbyggjarar og lokalt næringsliv.

Møtet måndag 27. oktober samla mange interesserte, og det vart god dialog mellom publikum og foredragshaldarane. Det var ope for spørsmål, og innspela og spørsmåla frå salen vitna om engasjement for cruise og reiselivssatsinga.

Ordførar Bernt Brandal, kommunedirektør Bent Arild Grytten, leiar i Hareid Cruisenettverk Linn Fridl og Frank Willy Djuvik frå Måløy Adventure heldt innlegg om  tema som:

  • Kvifor vi satsar på cruise, og kva det vil bety for utviklinga av Hareid.
  • Kva status prosjektet har i dag.
  • Konkrete døme på korleis innbyggjarar og verksemder kan utvikle forretning rundt cruiseturismen: utleige, omvisingar, sal av lokale produkt og tenester for gjestar.
  • Korleis du sjølv kan bli ein del av dette store prosjektet, og kva steg du kan ta allereie no.

LES OGSÅ: Dette er cruiseskipa som kjem til Hareid

Webjørn Landmark frå Ishavsmuseet delte sine erfaringar med å ta imot cruisegjestar til Polarstar og Ishavsmuseet.

Takk til alle som bidrog både frå scena og blant publikum.

Personar som sit på stolar på scenen på biblioteket - Klikk for stort bileteWebjørn Landmark, Ishavsmuseet; Bernt Brandal, ordførar Hareid kommune; Linn Fridl, Hareid cruisenettverk; Frank Willy Djupvik, Måløy Adventure og Bent Arild Grytten, kommunedirektør i Hareid. Hareid kommune