Er du pårørande eller nær ven til ein person med demenssjukdom?

I samarbeid med Ytre søre sunnmøre demensforeining tilbyr Hareid kommune pårørandeskule.

Portrett av mann der ansiktet er dusa ut og forvrengt. - Klikk for stort bilete Pexels/Juan Pablo Serrano Arenas
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Første kurssamling vert 12. april og skal vere over fire onsdagskveldar, frå klokka 18-21. Kurssamlingane vert halde på helsehuset på Hareid.

På kurset vil deltakarane få undervisning om demens og kunne treffe andre pårørande i same situasjon, samt fagpersonar med brei kompetanse på feltet.

LES OGSÅ: Vi har starta demenskor

Påmelding innan 10. april.

Kurset er gratis og ope for alle.

For nærmare opplysningar og påmelding kontakt:

  • Kamilla Hagen, demenskoordinator 48 10 44 97
  • Synnøve Nystøyl, einingsleiar skjerma 91 14 89 45