Er du veteran?  Då vil vi gjerne ha kontakt!

Vi ønsker å kome i kontakt med veteranar frå Forsvaret i samband med at vi vil lage ein plan for å ivareta og fylgje opp veteranane i Hareid kommune.

Tre soldatar står bøgd over eit kart i mørkret.  - Klikk for stort bilete Forsvaret  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ein veteran frå Forsvaret er ein person som har tenestegjort i internasjonale operasjonar. Alle, både sivile og militære, som har delteke i internasjonale operasjonar er veteranar i etterkant.

100 000 norske kvinner og menn har tenestegjort i internasjonale operasjonar i over 40 land, i fire verdsdelar og i hundre ulike operasjonar.

På grunn av personvernreglane får vi ikkje oversikt frå Forsvaret, og vi bed derfor om at veteranar i Hareid kommune tek kontakt om dei ønsker.

Meir informasjon finn ein på Forsvaret sine sider.

Kontakt kulturkonsulent Melinda Skeide på melinda.skeide@hareid.kommune.no om du vil registrere deg eller har spørsmål.