Fleire gatelys vil gjere Hareid sentrum tryggare, meinte deltakarane på tryggleiksvandringa. Mellom anne her bak Rosabygget.
Matias Gjerde
Vi var breitt representert med både ungdomsråd, leiar i eldreråd og leiar for råd for menneske med nedsett funksjonsevne, politi, ordførar, administrasjon og engasjerte innbyggarar.
LES OGSÅ: Inviterte til tryggleiksvandring
Deltakarane fekk utdelt skjema der dei kunne notere undervegs, eventuelt kunne dei sende tilbakemelding på e-post i etterkant. Alle var einige om at det har skjedd mykje i Hareid sentrum, og at det er kjekt å sjå den positive utviklinga. Det er mange flotte stadar og samlingsplassar i sentrum. Av forbetringspotensial var det særleg manglande lys som vart påpeika. Nokre stadar fungerte ikkje lyktestolpane som var der, og nokre stadar var det ønskeleg med fleire lyspunkt, som til dømes i parken, på kaia og ved overgangsfeltet på Loket. I tillegg kom det ønske om overgangsfelt ved apoteket/Napoli, betre skilting av overgangsfelt ved Spar, fleire søppelbøtter, og nokre plassar var det ønskeleg med tiltak for at det skal vere meir universelt utforma.
Nokre av tiltaka håper vi å kunne gjere noko med relativt raskt, medan andre tiltak må sjåast i samanheng med budsjett og prioriteringar der. Folkehelsekoordinator Silje Kiperberg Aksnes vil samanfatte innspela og lage ein rapport til administrasjon og politikarar.
Deltakarane var einige om at dette hadde vore ei nyttig og hyggeleg vandring, og ville gjerne vere med igjen ved eit seinare høve.
Tusen takk for deltaking og engasjement!