Eventyret om bøkene som fann vegen til Hareid

Det var ein gong ein rådgjevar for læring og kultur som sat og grubla. Ho visste at skulane i Hareid trong fleire bøker, sterkare satsing på skulebiblioteka og fleire gode leseopplevingar for borna. Difor ville ho sende ein søknad til Utdanningsdirektoratet om støtte.

mann, sittande på stol, held opp bok i eit klasserom. I forgrunnen eit barnehovud - Klikk for stort bileteEinar Jarle Måseide er ein av dei som gjerne vil lese for SFO-barna. Vil du prøve deg ut? Meld interesse i skjema nedst i artikkelen. Erlend Friestad

Men det var eit problem.

For å få støtte måtte kommunen stille med ein eigenandel til bokkjøp. Og å finne pengar til eigenandel i ein kommune på ROBEK-lista er ikkje alltid like enkelt. Rådgjevaren tenkte så det knaka. Kven kunne hjelpe? Kven ville vere med på å styrkje lesing, litteratur og skulebibliotek for borna våre?

Fleire kunne bidra

Etter mykje grubling kom svaret:

– Jau, Mållaget!

Med nytt mot troppa ho opp på kontoret til leiaren i Mållaget, Erlend Friestad, og la fram saka.

– Kan Mållaget hjelpe oss med bøker? Eg ønskjer så gjerne å søkje Utdanningsdirektoratet saman med Nynorsksenteret slik at vi kan få meir pengar til bøker og skulebibliotek. Men då treng vi hjelp til eigenandelen.

Som den idérike personen han er, tenkte ikkje Erlend smått. Snart vart det sendt søknad til Teft om støtte til nynorske bøker og høgtlesing i SFO. Og akkurat der starta dette fine reknestykket:

Mållaget + Teftmidlar + Lesekorps + Skulebibliotek + SFO = Sant

Og no kan vi ropa høgt i lag:

Hurra!

Kvifor?

Jo, fordi Mållaget, med stor støtte frå Sparebanken Møre sine Teftmidlar, løyver 25 000 kroner til nynorske bøker til Hareid skule, Brandal friskule, Hjørungavåg skule og Bigset skule.

Men dette handlar om meir enn bøker i ei hylle. Med gåva følgjer òg eit viktig oppdrag: Bøkene skal brukast. I SFO skal borna få oppleve høgtlesing frå dei nye bøkene og frå dei mange andre skattane som finst i skulebiblioteka. Slik får fleire barn møte gode historier, nye ord, spennande karakterar og leseglede.

Kan det bli betre?

Ja, faktisk.

Mållaget sitt eige lesekorps ønskjer nemleg òg å reise rundt til SFO-ane og bidra med høgtlesing. Slik kan dei skape endå meir blest om bøker, løfte fram nynorsken og gi høgtlesinga den plassen ho fortener i kvardagen til borna.

Så kanskje er dette berre byrjinga.

fem personar på rekke og rad - sjå bildetekst - Klikk for stort bileteFrå venstre: Elrend Friestad (leiar i Hareid mållag), Siv Ringstad Nesset (SFO-koordinator Hareid skule), Heidi Beate Siring Grimstad (skulebibliotekansvarleg Hareid skule), Lene Veiseth (skulerådgivar) og Vibeke Holstad (prosjekt-koordinator skulebiblioteksatsinga) Thea

For når gode krefter finn kvarandre, kan eit lite reknestykke bli til noko mykje større: fleire bøker, fleire forteljingar, sterkare skulebibliotek og endå fleire born som oppdagar gleda ved å lese

Vil du vere med på eventyret?

No håpar Mållaget og SFO-avdelingane at nettopp du vil vere med og lese høgt i SFO. Etter den store suksessen med høgtlesing på biblioteket kvar laurdag, er tida no komen for neste kapittel i forteljinga vår: høgtlesing i SFO.

Som du sikkert forstår, treng vi lesarar frå alle krinsane i Hareid til dei fire SFO-ane og skulane våre. Rådgjevaren på rådhuset, som sende søknaden til Utdanningsdirektoratet, har allereie meldt seg til teneste som høgtlesar. No utfordrar ho rektorar, kommunalsjef, kommunedirektør, ordførar, politikarar og andre samfunnsengasjerte hareidsdølar til å gjere det same.

Stafettpinnen blir send vidare til alle som er glade i bøker, språk og gode historier. Kanskje har du ei forteljing du hugsar frå eiga barndom? Kanskje har du ei favorittbok du gjerne vil dele med neste generasjon? Eit lite besøk kan skape store leseopplevingar.

Og dersom frivillige lesarar ikkje har høve til å kome, står dei dyktige tilsette på SFO klare med bøker i hendene. Dei vil ta barna med på reiser til fjerne land, inn i spennande mysterium og gjennom morosame og tankevekkjande forteljingar, både frå nye og gamle bøker.

Denne gongen fekk eventyret også ei ekstra fin vending. Hareid kommune fekk tildelt midlar til skulebibliotek. Det betyr skulebibliotekar i eininga,  fleire bøker, fleire leseopplevingar og endå fleire moglegheiter for barn og unge til å oppdage gleda ved lesing.

For alle gode eventyr byrjar med at nokon opnar ei bok og tek til å lese. No håpar vi at du vil vere med på å skrive det neste kapittelet.  

Interessert i å bli med som lesar på SFO?

Meld deg  - heilt uforpliktande her.

Artikkelen er skriven av Lene Veiseth