Feil feiegebyr forseinkar februar-faktura

I budsjettvedtaket blei det vedteke feil feiegebyr. Desse blir retta på i neste kommunestyremøte.

Eit par sit ved kjøkenbordet og diskuterer. På bordet ligg det mange rekningar. - Klikk for stort bilete Pexels.com/Mikhail Nilov
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

For at dei kommunale avgiftene skal bli korrekte, vil vi vente med å sende ut februarfakturaen til etter at kommunestyret har vedteke dei rette feiegebyra. Det skjer i møtet 16. februar. Takk for tolmodet!

Her kan du sjå oversikt over alle dei kommunale betalingssatsane og gebyra.