Fekk lage animasjonsfilm med Den kulturelle skulesekken

Elevane på småskulen på Hareid skule fekk både sjå plast frå fjøra bli levande på film og prøve å lage animasjonsfilm sjølve då Den kulturelle skulesekken kom på besøk.

Hareid skule

I slutten av november fekk elevane sjå den animerte kortfilmen «Tipp-topp», som varer i tre–fire minutt. Filmen tek utgangspunkt i problema med plast i havet – og det vi oppdagar når plasten driv i land.

Søppel som har drive i land, blir animert i fjøra der det stranda: på rullesteinstrender, berg og sandstrender. Flaskekorkar og annan plast blir til figurar med eigne lydar og rørslemønster. Med verkeleg søppel og stadene der det vart funne som utgangspunkt, får filmen preg av ein dramatisert dokumentar.

Prøvde seg som filmskaparar

Filmskaparen Jan Otto Ertesvåg leia sjølv økta. Etter filmvisinga fekk elevane prøve å lage animasjonsfilm saman. Slik fekk dei både sjå det ferdige resultatet på skjermen og utforske korleis ein kan skape liv og rørsle gjennom animasjon.

Kunst og kultur for alle elevar

Den kulturelle skulesekken (DKS) gir elevane møte med kunst og kultur av høg kvalitet. Tilbodet skal gi nye opplevingar, innsikt og forståing og vise breidda i kunst- og kulturfeltet.

Ordninga omfattar seks kulturuttrykk: film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst.

DKS har vore ein del av den nasjonale satsinga på kunst og kultur i skulen sidan 2001. I dag når ordninga alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa.

hender som jobbar med plastkorkar - Klikk for stort bileteEtter å ha sett filmen, fekk elevane sjølv prøve seg med å animere med plastgjenstandar Hareid skule mann som står framfor prosjektor - Klikk for stort bileteFilmskaparen Jan Otto Ertesvåg leia sjølv økta. Hareid skule