Felles beredskapsråd, vegstenging og gravereglar – dette er nokre av sakene i formannskapet 7. september

Eit felles beredskapsråd for ytre Søre Sunnmøre, permanent stenging av Kvitholvegen, høyringsuttale om ny forskrift om tilfluktsstadar og lokal forskrift om graving og anna anleggsarbeid er mellom sakene formannskapet skal behandle 7. september.

bilete av kvitholvegen. Grøne blad på trea, lett snødryss på bakken - Klikk for stort bileteFormannskapet skal mellom anna ta stilling til om Kvitholvegen skal stengast permanent. Erlend Friestad

Formannskapsmøtet startar klokka 12, 7. september. Det er som vanleg ope for publikum, og blir sendt direkte her eller på Facebook.

Nokre av sakene skal vidare til kommunestyret, medan andre berre skal handsamast i formannskapet.

Heile saklista og alle sakspapira kan du lese her.

Under kan du lese eit samandrag av dei viktigaste sakene. 

Oppretting av felles beredskapsråd med Ulstein, Herøy og Sande kommunar

Sande kommune har teke initiativ til å etablere eit felles beredskapsråd for Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Bakgrunnen er eit ønske om tettare samarbeid innan samfunnstryggleik og beredskap, og å styrkje samhandlinga mellom kommunane og andre sentrale aktørar.

Det føreslegne rådet skal vere eit rådgjevande og samordnande organ. Her kan kommunane dele erfaringar, utvikle felles situasjonsforståing og koordinere arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering. Politiet, Sivilforsvaret, Forsvaret, næringslivet og frivillige organisasjonar er mellom aktørane som kan bli involverte.

Kommunedirektøren tilrår at Hareid kommune sluttar seg til samarbeidet og godkjenner dei føreslegne retningslinjene.

Både levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet var samrøystes for å bli med i det felles beredskapsrådet.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. september.

 

Permanent stenging av Kvitholvegen

Dei folkevalde i næring- og miljøutvalet skal ta stilling til framtidig bruk av Kvitholvegen. Saka er reist på bakgrunn av fleire meldingar om høg fart, utrygge trafikkforhold og utfordringar for mjuke trafikantar på den smale grusvegen.

Administrasjonen har vurdert ulike alternativ, mellom anna oppgradering av vegen, fartsdempande tiltak og permanent stenging. Erfaringane frå perioden med mellombels stenging vinteren 2025/2026, samstundes som grunneigarane framleis hadde tilkomst til eigedomane sine, blir trekte fram som positive

Kommunedirektøren tilrår at Kvitholvegen blir permanent stengd for gjennomkøyring, med moglegheit for opning ved særlege behov.

Næring- og miljøutvalet røysta for å stenge vegen.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. september.

 

Høyringsuttale om ny forskrift om tilfluktsstadar

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag til ny forskrift om tilfluktsstadar. Forslaget skal modernisere regelverket for vern av sivilbefolkninga ved krigshandlingar, og legg opp til meir målretta planlegging for tilfluktsrom, dekningsrom og andre tilfluktsstadar der behovet er størst.

Forskriftsforslaget byggjer på prinsippet om geografisk avgrensing. Det betyr at særskilde plikter berre skal gjelde kommunar der befolkninga blir vurdert som særleg utsett for konsekvensane av krigshandlingar. Kommunedirektøren vurderer det som lite sannsynleg at Hareid kommune blir omfatta, men meiner kommunen bør støtte hovudgrepet og be om tydelege saksbehandlingsreglar eller klageadgang dersom Sivilforsvaret får mynde til å peike ut enkeltkommunar som utsette.

Formannskapet er det folkevalde organet som har ansvar for å sende inn høyringssvar, så saka skal ikkje vidare til kommunestyret.

 

Forskrift om graving og anna anleggsarbeid på kommunal grunn

Hareid kommune har behov for ei lokal forskrift som regulerer graving og anna anleggsarbeid på kommunal grunn. Forskrifta rettar seg særleg mot arbeid utført av eksterne aktørar, og skal bidra til å hindre uønskte hendingar, farlege situasjonar og skadar på kommunal grunn når arbeid blir gjort utan løyve eller i strid med gitt løyve.

Bakgrunnen er mellom anna nye rutinar for søknad om graveløyve gjennom Entreprenørportalen, erfaringar med gravearbeid utan godkjenning og behov for betre oppfølging av mellom anna arbeidsvarsling, handtering av massar og avfall og førebygging av spreiing av uønskte artar. Kommunedirektøren tilrår at forskrifta blir sendt på høyring.

Næring- og miljøutvalet rår formannskapet til å  sende saka ut på høyring. 

Formannskapet er det folkevalde organet som har ansvar for å sende saker på høyring, så saka skal ikkje vidare til kommunestyret.

 

Valkrinsar

Sak om valkrinsar er utsett til neste møtesyklus for å unngå kontroversielle saker i sørgeperioden etter kong Harald Vs død.