Erlend Friestad
Over halvparten av innbyggjarane i Noreg lagrar no drikkevatn heime. Det viser ei fersk undersøking frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) etter Eigenberedskapsveka 2025.
I 2019 var det berre 20 prosent som hadde vatn i reserve. I dag er talet 51 prosent. Det store vendepunktet kom i 2022, etter krigen i Ukraina. Sidan har utviklinga gått jamt oppover, støtta av DSB sine årlege kampanjar.
LES OGSÅ: Her er er eigenberedskapsråda
Høg kjennskap til råda
Heile 93 prosent kjenner til myndigheitene sine råd om eigenberedskap. DSB har i år satsa ekstra på unge vaksne, og kjennskapen har auka mest i den yngste aldersgruppa – sjølv om dei framleis lagrar minst vatn.
Samarbeid om beredskap
Temaet for årets kampanje var samarbeid. Omgrepet «beredskapsvenn» vart løfta fram, og kommunar, frivillige og sivilforsvaret bidrog med lokale tiltak. I Hareid kommune hadde vi folkemøte og møte med næringslivet der vi såg på korleis vi kunne klare oss og hjelpe kvarandre ved langvarig straumbrot.
Undersøkinga viser at 70 prosent har fått med seg kampanjen, men berre éin av fem samarbeider med andre for å bli betre førebudd.
DSB meiner samarbeid er nøkkelen til robuste lokalsamfunn: Eigenberedskap handlar ikkje berre om utstyr, men også om kunnskap og fellesskap.