Flyktningar frå Ukraina til Hareid - kva er status i desember?

Pr. november hadde Hareid nådd oppmoda måltal om busetjing av 60 ukrainske flyktningar i 2022.

Bilete av hender som lagar hjartesymbol. Ei hand er mala blå, den andre gul - Ukraina sine flaggfargar. - Klikk for stort bilete shutterstock
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ressurssenteret, kommunal eigedom og NAV har stått på iherdig for få busett alle på best mogleg måte. Vi takkar alle som har stilt husvære til rådigheit for leige.

Norskopplæring og språkpraksis 

Flyktningane går no på norskkurs og dei fleste tek del i introduksjonsprogrammet for flyktningar, der dei i tillegg til norskopplæring har språkpraksis i bedrift. 

Vi vil nytte høvet til å takke for all velvilje og positiv respons frå private og offentlege arbeidsplassar som har teke imot deltakarar i språkpraksis.

Mange har både god og lang yrkeserfaring og utdanning frå heimlandet, og dei treng å bli kjende med arbeidslivet i Norge og sjølvsagt lære språket. Nokre er og flinke i engelsk og kan gjere seg godt forstått.

Inkludering

Vi vil takke alle som allereie har teke kontakt for å hjelpe flyktningane. Det er ei von at vi alle er gode inkluderande sambygdingar for dei som raskt måtte forlate heimane sine og landet sitt. 

Om du har vinterklede og sko til vaksne til overs, så kan dette leverast til Flyktningekontoret måndag 19. desember og onsdag 21. desember mellom kl. 14:30 og 15:30.

Klikk på lenka for informasjon om type vinterklede, størrelsar og leveringsstad/tid 

Busetjing 2023

Det har nyleg kome ei oppmoding frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) om å busette 90 flyktningar i Hareid kommune i 2023. Dette er eit spørsmål som politikarane må ta stilling til på nyåret. I kommunestyremøtet 8. desember gav kommunestyret si tilslutning til at Hareid kommune kan starte busetjing av inntil 30 flyktningar fram til saka vert teke opp i februar.