Forliksavtale, kommunesamanslåing, skjenkeløyve og likviditetslån: Dette skal dei folkevalde drøfte

3. og 6. november skal formannskapet og kommunestyret i Hareid kommune møtast.

Møta er opne for alle som ønskjer å følgje med, og dei blir strøyma direkte på kommunen si Facebook-side og på nettsida.

Under følger eit samandrag av dei viktigaste sakene. 

 

Her kan du lese alle sakspapira:

 

Her kan du sjå sendinga frå formannskapet:

 

Godkjenning av skisse til forliksavtale

Hareid kommune har kjøpt 18 bustader frå Hadarhus AS. Etter overtakinga i april 2025 har det oppstått ein tvist om kostnader knytt til bygging av ein støyvegg. Utbyggar har kravd erstatning på 2,535 millionar kroner, med fordi dei meiner kommunen har gitt mangelfulle opplysningar om kommunale røyrleidningar i grunnen. Formannskapet har tidlegare bedt kommunedirektøren om å finne ei minneleg løysing. Etter fleire forhandlingsrundar er det no framforhandla ei skisse som i hovudsak går ut på at Hadarhus sitt erstatningskrav fell bort, at kommunen legg bort krav om dagbøter og garanti for støyvegg og gir eit anleggsbidrag til asfaltering på kr 600 000 inkludert meirverdiavgift.

Løysinga skal hindre ein kostbar rettsprosess og sikre framdrift i prosjektet, utan at kommunen vedgår ansvar for meirkostnader.
Sluttbehandling: kommunestyret

 

Diskusjon om kommunesamanslåing

Hareid kommune har fått ein invitasjon frå Herøy kommune om å starte ein formell prosess for samanslåing med Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven innan 2028. Argumenta som blir løfta fram er pressa økonomi, eldrebølga og behov for sterkare fagmiljø.

Politisk handsaming i formannskapet:
Saka vart behandla i formannskapet 29. september. Det kom to framlegg:

  • Frp og Folkelista sitt framlegg: Takke for invitasjonen, men halde fram med eksisterande samarbeidsprosjekt. Kommunestyret bør vurdere å legge til rette for ei folkeavrøysting ved kommunevalet i 2027.
  • Annika Brandal (V) sitt framlegg: Hareid kommune er positive til samtalar om samanslåing med dei fem kommunane.

Ved røysting vart fellesframlegget frå Frp og FOHA vedtatt mot to røyster (V og Ap). Formannskapet innstiller på at Hareid takkar nei til samtalar no, men ber administrasjonen vurdere folkeavrøysting i 2027.

 

Endring av skjenkeareal – Napoli Hareid AS

Napoli Hareid AS har allereie skjenkeløyve, men har bygd ut lokalet med nye areal på både aust- og vestsida, samt etablert eit inngjerda uteområde. Dei søkjer no om å utvide skjenkearealet til desse nye delane. Kommunedirektøren vurderer at utvidinga er i tråd med kommunen sin alkoholpolitiske handlingsplan og tilrår å gi løyve.

Kommunen har vurdert støyomsyn og konkludert med at det ikkje er behov for å avgrense skjenketida ute ytterlegare, då området er inngjerda og har støyreduserande effekt.
Sluttbehandling: kommunestyret

 

Ny sak om likviditetslån

Kommunen har i dag eit likviditetslån på 150 millionar kroner, men prognosar viser at dette ikkje er nok til å dekke driftsbehovet mot slutten av året. Årsaka er store investeringar i 2025 (224,5 mill.), akkumulert meirforbruk og premieavvik, samt krav frå Statsforvaltaren etter at kommunen kom på ROBEK-lista.

Kommunedirektøren tilrår å endre økonomireglementet slik at ramma for likviditetslån kan aukast til 300 millionar kroner. Dette skal sikre:

  • Utbetaling av løn og andre driftskostnader i desember
  • Handtering av investeringar som ikkje kan finansierast med nye lån før budsjettet for 2026 er godkjent
  • Stabil likviditet gjennom ein krevjande periode

Kommunen vil berre ta opp det som er naudsynt, og lånet vert truleg teke opp som sertifikatlån, som er rimelegare enn trekkrett.
Sluttbehandling: kommunestyret

 

Nyval til formannskap, valstyret, valutvalet og administrasjonsutvalet

Etter at Ole Frank Bakken (H) har flytta frå Hareid kommune, mistar han alle sine folkevalde verv. Kommunestyret skal derfor velje nye representantar til fleire sentrale organ:

  • formannskapet
  • valstyret
  • valutvalet
  • administrasjonsutvalet (inkludert nestleiar)

Valet skal gjennomførast i tråd med kommunelova og vallova sine reglar om valbarheit og kjønnsbalanse. Gruppa Høgre, Arbeidarpartiet og INP føreslår erstattar til formannskap og valstyret, medan Høgre føreslår til valutvalet. For administrasjonsutvalet blir det fleirtalsval i kommunestyret, sidan alle partia samarbeidde om felles varaliste ved førre val.
Sluttbehandling: kommunestyret