Møtet blir sendt direkte her og på Facebook frå klokka 12. Alle sakene i dette minus månadsrapport, skal vidare for endeleg vedtak i kommunestyret 26. mai.
Alle sakspapira og heile saklista til formannskapet kan du lese her.
Dette kan gå gale i Hareid kommune
Vi har lenge jobba med ein stor risiko- og sårbarheitsanalyse for heile kommunen. Dette er eit av dei viktigaste dokumenta vi har i beredskapsarbeidet vårt. Enkelt forklart har vi laga til fjorten scenario som set oss og lokalsamfunnet skikkeleg på prøve. Det er alt frå ras, brannar, ulukker, pandemi, naturkatastrofar til svikt i viktig infrastruktur. For kvart scenario har vi søkt å finne tiltak som kan redusere sannsynet for at hendingane skjer, og tiltak som kan redusere konsekvensane av dei viss dei skjer. Vi har kome fram til rundt 100 forskjellige moglege tiltak. Blant desse har vi vald ut dei viktigaste. Dette er tiltak vi skal satse på dei neste åra. Vi kan nemne:
- Lage plan for forsyningssvikt av straum, vatn, mat, drivstoff og medisinar
- Øve på korleis eit digitalt angrep vil råke kommunen og tenestene våre
- Lage plan for befolkningsvarsling og evakuering
- Skaffe utstyr/tilgangar som sikrar oss moglegheita til å jobbe og halde kontakt sjølv om internett og telefon går ned
Du kan lese heile dokumentet her.
I same møte skal formannskapet sjå på den overordna beredskapsplanen til kommunen. Dette er ein plan som fortel korleis vi skal jobbe med beredskap, kva langsiktige mål og strategiar vi skal ha og korleis kriseleiinga og andre relevante organ skal operere.
Begge dokumenta skal til endeleg godkjenning i kommunestyret.
Månadsrapport viser rentesmell
Formannskapet får lagt fram månadsrapport for mars. Det positive er at det ser ut til at kommunen samla klarer å halde budsjettet på drifta. Samla sett leverer sektorane eit resultat på minus 100.000 kroner, noko som er veldig bra.
Dei tilsette har gjort og gjer framleis, ein framifrå innsats for å drifte etter budsjettet. På mange plan og på mange nivå. Det er ei glede å sjå at alt arbeidet som har vore lagt ned har bore frukter. Takk til alle tilsette for framifrå utført arbeid.
Utfordringa er det sokalla «finansområdet». Dessverre har ikkje rentene utvikla seg slik det ligg i budsjettet. Rentekutta som var venta har blitt avlyst eller utsett. Per 31. mars går finansområdet derfor 2 millionar kroner i minus – og prognosane viser at dette beløpet kan vekse til over 8 millionar kroner ved årsslutt.
Administrasjonen har allereie starta på jobben med å finne fleire inntekter eller redusere utgiftene ytterlegare for å nå målet om å gå i null ved årsskiftet. Det vil bli lagt fram sak om budsjettrevisjon til junimøtet i kommunestyret.
Nye namn på vegar
To vegar på Brekkane er klare for å få sitt endelege namn. Dette har vore ein lang prosess då saka måtte innom Kartverket for sokalla «primærnamnsak». Vi måtte nemleg få avklara skrivemåten på to av stadane som vegane er oppattkalla etter. Både Gomyra og Rema har blitt skrive på forskjellige måte (Godmyra/Gomyra og Rema/Rima).
Kartverket har no bestemt skrivemåten til Gomyra og Rema. Det betyr at vegane som til no har hatt dei kjedelege namna 2153 og 2154, kan få skikkelege namn.
Namneutvalet, som gir råd til kommunen i namnesaker, meiner desse vegane skal heitte Gomyrvegen og Remastubben.
Frå før av har vegane på Brekkane fått følgande namn: Brekkemarka og Brekkestubben.
Kommunestyret gjer endeleg vedtak etter innstilling frå formannskapet.
Foreslår å leggje ned Hareid barnehage
Nyheita om at administrasjonen ser på moglegheita for å leggje ned Hareid barnehage, blei sloppe i fjor haust. Sidan den gong har saka vore på høyring med to tydelege alternativ:
- behalde Hareid barnehage
- leggje med Hareid barnehage.
Det kom inn rekordmange høyringssvar i saka, heile 55 stykk.
Dei positive konsekvensane av å endre strukturen kan vere:
- Meir fleksibilitet i bemanning og mindre sårbarheit ved fråvær.
- Større fagmiljø med fleire pedagogiske ressursar og eit breiare aktivitetstilbod.
- Styrking av rekruttering og bevaring av kompetent personale.
- Moglegheiter for barn til å møte fleire jamaldrande og utvikle fleire sosiale relasjonar.
Dei negative konsekvensane av ei endring kan vere:
- Mogeleg utryggleik og stress knytt til flytting av barn og tilsette.
- Sentimental verdi og tilknyting til Hareid barnehage for føresette og lokalsamfunnet.
- Mindre valfridom for foreldre i barnehagetilbodet.
Etter ei samla vurdering konkluderer kommunedirektøren med at nedlegging av Hareid barnehage er det mest framtidsretta, og rår kommunestyret om å vedta dette. Vi har allereie i dag overkapasitet ved barnehagane i kommunen. I tillegg viser prognosar at vi vil få endå færre barn i åra som kjem.
Vurdering av barnets beste: Kommunen legg vekt på å sikre barn rett til omsorg og kvalitet i barnehagetilbodet. Samtidig er det ulike synspunkt blant føresette og tilsette om fordelane med større barnehagar versus tryggleiken i mindre einingar. Kommunedirektøren vurderer at større einingar med robuste kompetansemiljø er mest berekraftige for å oppfylle barna sine behov på sikt.
Økonomiske konsekvensar: Færre bygg og dermed einingar gir lågare driftskostnader for kommunen, som i sin tur fører til lågare tilskotssatsar til Nordlandia Holstad barnehage. Større einingar utnyttar personalressursane betre og reduserer behovet for vikarar. Sal eller omdisponering av bygg kan gi kommunen inntekter.
Det er kommunestyret som fattar endeleg vedtak i saka.