Formannskapet i Hareid tek sterk avstand frå Russland sitt militære åtak på Ukraina

Åtaket er eit alvorleg brot på folkeretten, og eit overgrep både mot nasjonen Ukraina, sivilbefolkning i landet og det demokratisk valde styret.

Wikimedia commons/UP9 (sjå lisens i botn av artikkelen)  

Nærare ein million menneske er allereie på flukt frå krigen. Formannskapet er innstilt på å legge til rette for at flyktningar frå krigen i Ukraina kan komme til Hareid. Vi ber kommunedirektøren om å førebu mottak av krigsflyktningar så snart nasjonale mynde ber om dette.

LES OGSÅ: Løyver 25.000 kroner til medisinsk naudhjelp til Ukraina

I Hareid er det innbyggarar både av russisk og ukrainsk opphav. Formannskapet oppmodar alle innbyggarar i Hareid om å være inkluderande og medmenneskelige og vise solidaritet i ei svært krevjande tid – både mot dei med ukrainsk bakgrunn og russisk bakgrunn. Vi veit at svært mange av dei vanlege russarane ikkje ønsker denne konflikten mellom to broderfolk.

LES OGSÅ: Informasjon om beredskap i Hareid kommune grunna krigen i Ukraina

Mange born er uroa og redde for krigen i Ukraina. Formannskapet er opptekne av at vaksne må ta dette på alvor og snakke med borna, og oppmodar barnehagar og skuler til å være merksame på bornas reaksjonar.

Bilete: UP9CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons