Formannskapet sitt framlegg til budsjett for 2026

Formannskapet har vedteke eit budsjettframlegg. Det skal liggje ute på høyring i minst 14 dagar. 

Det er kommunestyret som skal gjere endeleg vedtak. 

 

Kort om framlegget

Framlegget frå formannskapet inneheld fleire tiltak for å effektivisere drifta i kommunen.

I sektor for læring og kultur blir det foreslått å redusere tre årsverk ved ressurssenteret, som i dag handterer vaksenopplæring og introduksjonsprogram. Dette skjer som følgje av vedtaket om å busette færre flyktningar i 2026. Det blir også peikt på at Hareid skule kan avlastast ved å justere krinsgrenser eller flytte elevar til andre skular. I tillegg vurderer ein å organisere språkopplæringa på ein ny måte, mellom anna gjennom eigne klasser for minoritetsspråklege elevar.

I sektor for velferd ønskjer formannskapet å intensivere omstillingsprosjekt og planlegge bukollektiv for å nytte ressursane meir effektivt. Dei førslår også å modernisere turnusordningar og betre kontrollen på vaktlister for å redusere overtid og vikarbruk.

For den tidlegare sektor for samfunnsutvikling ligg det inne forslag om å redusere årsverk som del av omstillingsprosjekt, samt gjennomføre innsparing i eigedom- og samfunnskontoret. Hareid mottak skal auke inntektene ved å ta inn fleire bebuarar utan å auke bemanninga.

Sentraladministrasjonen skal effektivisere ved å omprioritere oppgåver og redusere kostnader knytt til kjøp av tenester. Det blir også lagt fram eit verbalforslag om å kutte godtgjersler til politiske representantar, der midlane skal gå til tiltak for barn og unge.

I tillegg til innsparingstiltaka inneheld forslaget nokre reverseringar, samanlikna med kommunedirektøren sitt framlegg. Formannskapet ønskjer ikkje å legge ned skular, og vil oppretthalde dagsentertilbodet for eldre. Dei er heller ikkje villige til å auke eigedomsskatten. For barn og unge blir det foreslått å sikre ungdomsklubben, barnefestivalen og kulturaktivitetar.

Eventuelle ekstra midlar frå staten skal gå uavkorta til nedbetaling av tidlegare års meirforbruk. Målet med heile pakken er å redusere utgiftene, handtere høg lånegjeld og samtidig oppretthalde viktige tenester for innbyggarane.

Her er heile forslaget som blei vedteke av formannskapet.

Her kan du sjå møtet i formannskapet

Budsjettsaka startar frå om lag 1 time og 44 minutt ut i sendinga.

 

Slik sender du innspel:

Det er fyrst no den “formelle” høyringsperioden startar. Vi har likevel oppmoda innbyggarar om å engasjere seg før formannskapet fatta sitt vedtak. Då kunne formannskapet få innspel i forkant. Mange av innspela som kom inn før formannskapet kom med sitt forslag, er no gjort irrelevante. Svært mange handla om endring av skulestruktur - ei sak som er teke ut av formannskapet sitt forslag. Desse innspela ligg likevel tilgjengeleg i lista over innspel.

Du kan sende innspel via dette skjemaet.

Høyringsfrist 10. desember klokka 16.

Tysdag 2. desember klokka 18 inviterer dei folkevalde til folkemøte om budsjettframlegget til formannskapet.

Les andre sine innspel

Nye høyringsinnspel

Innspel som kom inn før formannskapet la fram sitt forslag

Høyringsinnspel budsjett 26 - før formmanskapet sitt framlegg
Tittel Publisert Type
28 Innspel budsjett 2026 - FAU Hjørungavåg skule.pdf

Om skulestruktur

24.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 28 Innspel budsjett 2026 - FAU Hjørungavåg skule.pdf
25 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Manglande sjølvkritikk og kommunesamanslåing

24.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 25 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
27 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om manglande økonomistyring og skulestruktur

24.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 27 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
24 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur

24.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 24 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
26 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur

24.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 26 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
23 Innspel budsjett 2026 - FAU Hareid skule.pdf

om skulestruktur

20.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 23 Innspel budsjett 2026 - FAU Hareid skule.pdf
22 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om engasjement

20.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 22 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
21 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om kommunesamanslåing

20.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 21 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
20 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om økonomi og skule

20.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 20 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
19 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om skulestruktur

20.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 19 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
17 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om skulestruktur

20.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 17 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
16 Innspel budsjett 2026 - FAU Bigset skule.pdf

om skulestruktur

20.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 16 Innspel budsjett 2026 - FAU Bigset skule.pdf
15 Innspel budsjett 2026 - Ørjan Yri.pdf

om skulestruktur

20.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 15 Innspel budsjett 2026 - Ørjan Yri.pdf
14 Innspel budsjett 2026 - Amalie Havåg.pdf

Om skulestruktur og Hjørungavåg skule

17.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 14 Innspel budsjett 2026 - Amalie Havåg.pdf
13 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur

14.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 13 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
10 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skule, vekst og omsorg

14.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 10 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
11 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om rettferdig eigedomsskatt

14.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 11 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
12 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur

14.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 12 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
8 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur

14.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 8 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf
9 Innspel budsjett 2026 - Marita Gulbrandsen.pdf

Om skulestruktur og økonomisk rot

14.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 9 Innspel budsjett 2026 - Marita Gulbrandsen.pdf
7 Innspel budsjett 2026 - Ole Kristian Haddal.pdf

Om skulestruktur

13.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel budsjett 2026 - Ole Kristian Haddal VII.pdf
6 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om samarbeid med Nav og Furene

13.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel budsjett 2026 - anonym VI.pdf
5 Innspel budsjett 2026 - Michal Kobiela.pdf

Om eigedomsskatt og vegvedlikehald

13.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel budsjett 2026 - Michal Kobiela V.pdf
4 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om eigedomsskatt

13.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel budsjett 2026 - anonym IV.pdf
3 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om eigedomsskatt

13.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel budsjett 2026 - anonym III.pdf
2 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur og økonomi

13.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel budsjett 2026 - anonym II.pdf
1 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om eigedomsskatt

13.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel budsjett 2026 - anonym I.pdf