Friidrettsgruppa fekk ungdomens kulturpris

Hareid IL si friidrettsgruppe fekk utdelt prisen under fylkesfestivalen i UKM laudag 4. oktober.

ungdomane i friidrettsgruppa på scenen i Hareidhallen. - Klikk for stort bileteElisabeth Grimstad Kirkebø takka for prisen. Dei var "lokka" til UKM med påskudd av at dei skulle bli intervjua, så dei var ikkje budde på prisutdelinga. Erlend Friestad

Det var ordførar Bernt Brandal som delte ut prisen saman med Ellen Cathrin Kvalsund, banksjef i Sparebanken Møre.

Her er talen som ordførar Brandal hadde under utdelinga:

"Det er alltid ei glede å få dele ut Ungdomens kulturpris, men spesielt i år når det er samla så mange flotte ungdomar under same tak.

Ungdomens kulturpris er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Sparebanken Møre. Det er ei nemnd samansett av representantar frå banken, ungdomsrådet og Hareid kommune som tildeler prisen.

Formålet med prisen er å fremje utviklinga av kulturarbeid i Hareid.

Prisen består av eit diplom og kr. 15000,-  Den vert gitt til einskildpersonar under 25 år, grupper, lag eller organisasjonar som høyrer heime i kommunen og som i løpet av året eller gjennom fleire år har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet.

Årets prisvinnar har lange røter i lokalmiljøet. Aktiviteten kan sporast både før og etter andre verdskrig, men rundt 1963–64 skjedde det noko. Då vart det sett i gang meir organisert trening. Nokre år seinare, i 1968, kunne bygda glede seg over eit nytt anlegg med løpebaner på grus.

No veit dokke kanskje kven eg snakkar om?

Sidan den gong har utviklinga vore formidabel. I dag er det rundt 60 aktive utøvarar, frå dei aller yngste i 1.–3. klasse, til dei eldste som konkurrerer på nasjonalt nivå. Ni trenarar deler på ansvaret, og sjølv om det stadig er behov for fleire, vitnar det i alle fall om eit stort engasjement.

Sesongen som ligg bak dei har vore full av gode opplevingar: reiser til stemner som Lillehammer leikane, sterke resultat under Ungdomsmeisterskapen, og ikkje minst Hadarleikane på heimebane – ein arena der både dei yngste og heile lokalmiljøet får oppleve idrettsgleda på nært hald.

Denne kombinasjonen av historie, breidde, fellesskap og toppresultat gjer årets prisvinnar til ein heilt naturleg mottakar. Dei representerer noko større enn seg sjølve – dei er ein møteplass, ein kultur byggjar og ein inspirasjon for ungdom i bygda.

På vegner av juryen for Ungdomens kulturpris er det ei ære å få seie:

Gratulerer til Friidrettsgruppa i Hareid Idrettslag!

sjå biletetekst - Klikk for stort bileteTrenar i Hareid IL friidrettsgruppa, Elisabeth Grimstad Kirkebø blir ønska velkomen opp på scenen under fylkesfestialen i UKM for å motta ungdomens kulturpris. Erlend Friestad sjå biletetekst - Klikk for stort bileteTrenar i Hareid IL friidrettsgruppa, Elisabeth Grimstad Kirkebø, takkar for prisen. Erlend Friestad sjå biletetekst - Klikk for stort bileteUngdomens kulturpris blei delt ut av ordførar Bernt Brandal (t.h.) og Ellen Cathrin Kvalsund, banksjef i Sparebanken Møre. Til venstre står ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe Erlend Friestad