Fredag 23. oktober samla dei frivillige frå Lions og Saniteten for å få informasjon om dør-dør-aksjonen, fordele roder og hente brosjyrar.
Erlend Friestad
Med seg på dør-dør-aksjonen hadde dei ei brosjyre med gode råd for korleis ein kommuniserer i krise, generelle eigenberedskapsråd og meldinga om at biblioteket på helsehuset er plassen vi kjem til å informere, anten gjennom tilsette eller plakatoppslag.
Her kan du sjå ein digital utgåve av brosjyren. (PDF, 366 kB)Ønsker du papirversjon, kan du få det på biblioteket eller rådhuset.
Nyttige tal
I tillegg til målet om å auke medvitet om eigenberedskap og informasjon, hadde vi også eit mål om å teste kor mykje tid og krefter det tok å kome seg rundt til alle husstandane. Vi har derfor logga tidsbruk, køyrelengd og andre ting som påverka aksjonen.
Fasiten er her:
Det tok rundt 100 timar på å kome rundt til alle, men sidan vi ikkje lot dei frivillige gå åleine, dei måtte gå to og to, enda vi med å bruke 200 arbeidstimar, fordelt på nær 60 frivillige.
Glad for besøk
Tilbakemeldingane som dei frivillige og kommunen har fått, er at innbyggarane sette pris på at vi la ned denne innsatsen. Dei fekk god informasjon og høve til å stille spørsmål om eigenberedskap.
Desse spørsmåla blei så tatt vidare, og der det er fleire som har lurt på det same, så vil vi den neste tida svare ut desse i form av artiklar på nettsidene våre.
LES OGSÅ: Dette spørsmålet fekk dei flest gonger - her får du også vite svaret
Tusen takk!
Vi er svært takksame for at Saniteten og Lions stilte opp på denne aksjonen. Det viser at vi har mange gode folk vi kan støtte oss på når krisa kjem, anten det er dør-dør-besøk, eller andre oppgåver.