Gler seg over å vere på plass i nytt dagsenter

Brukarane og dei tilsette ved bu- og habiliteringstenesta har fått seg ein ny, flott boltreplass i Kjøpmannsgata.

Marte Hjørungdal og Lisa Johnsen er veldig glade for å kunne ha betre plass til brukarane av dagsenteret til bu- og habilitetseininga. Erlend Friestad Ballbassenget er eit populært tilbod. Ofte er rommet fylt av gledesutrop. Sidan mange av brukarane er følsame for støy, er det også laga rom som dei kan trekke seg tilbake til om dei har behov for ro og kvile. Erlend Friestad Puslespel er ein aktivitet fleire av brukarane likar. På det gamle dagsenteret måtte aktivitetane ryddast vekk under måltida. No er lokalet stort nok til å både fellesaktivitetane og dei individuelle kan få stå. Erlend Friestad

I dei gamle Wellness-lokala, rett ved leikeplassen i Kjøpmannsgata, har gjengen frå «buhab» flytta inn. Dei mellom 15 og 20 brukarane har no fått ein romsleg og tenleg samlingsplass.

- Vi er alle glad for å få eit nytt lokale. Sanzibar var trongt, for kaldt eller for varmt og med berre eitt toalett til brukarane, fortel fagkoordinator Sunniva Johnsen om det gamle dagsenteret i Strandgata rett over vegen frå bensinstasjonen.

Saman med Lisa Johnsen og Marte Hjørungdal gir ho ei lita sniktitt inn i det nyoppussa aktivitetssenteret.

Plass til alle

Ein konsekvens av trengselen i det gamle lokalet, var at det var mykje meir tungvindt å aktivisere brukarane. Det resulterte etter kvart til at aktivitetsnivået blei ganske lågt.  Til dømes, kvar gong dei skulle ete, måtte aktiviteten ryddast heilt vekk, for så å bli teke fram igjen etter måltidet.

Her, i Kjøpmannsgata, er det plass nok til at aktivitetsborda kan stå i fred under måltida, ja, kvar enkelt brukar kan til og med ha sitt eige bord, med dømes til puslespelet sitt. Det er også gode moglegheiter til å kvile på eigne rom. Mange av brukarane er sensitive for støy og har behov for å trekkje seg tilbake om det blir for høgt lydnivå. Elles er ballbassenget svært populært.

 

Hobby og sosialt

Målet med dagsenteret er å aktivisere brukarane, at dei har «noko å stå opp til». Brukarane er på plass frå 10 til 1430. I tillegg kan lokalet nyttast til kveldsaktivitetar som filmkveld. Det er også plass slik at det er mogleg å feire åremålsdagar eller andre festlege høve. (Ja, det vil sjølvsagt bli ein høveleg opning av lokala inkludert opningsfest på eit seinare tidspunkt.)

I tillegg til kjekke aktivitetar som å lage tennbrikkar og pynt (tilpassa sesong), strikking, fredagsbingo, spel, leik og sosialt, deltek brukarane som er i stand til det med å lage til måltida og andre «kvardagsoppgåver».

 

Butikk

På sikt vil det bli oppretta ein butikk som kan selje dei enkle varene som blir laga her. Inntektene vil gå til å kjøpe inn materiale til nye aktivitetar.

Brukarane går også postrunde for Hareid kommune. For denne jobben får dei litt betalt. Desse kronene blir sett av til ein svært populær, årleg hurtigrutetur inn fjorden.