Gler seg til nye vener og møte med andre som deler interessene deira

Måndag til onsdag i haustferien reiser ungdomar frå Hareid til Kristiansund for å delta på fylkesfestivalen i UKM. Med seg har dei musikk og kunst – og forventningar om å få nye vener, nye erfaringar og mange inntrykk.

personane i bildeteksten ståande på bankplassen. I bakgrunnen endeveggen på rådhuset som er pryda av kunstveret Verdant av streetartduoen Snik - Klikk for stort bileteCamilla Brandal (f.v), Kine Husøy, Sofie Husøy, Sam Torsøe Åsmo, Natasha Goksøyr, Sofie Bjåstad og Emilie Gjerde Brandal gler seg til å utforske nye venskap og ny kultur på fylkesfestivalen til UKM. Erlend Friestad

Fakta om UKM

UKM er ein landsdekkjande kulturfestival for alle mellom 13 og 20 år. Her får ungdom profesjonelle rammer, eit sterkt fellesskap og ein møteplass der dei kan skine. Dei får møte eit publikum som lyttar, og kan ta reelle roller både som utøvarar og arrangørar. UKM er til stades i kommunar og fylke over heile landet.

– Eg har fått fleire vener gjennom UKM, så eg gler meg til å treffe både gamle og nye vener. På UKM er det lett å møte andre med same interesse. Det er kjekt å få vist fram det du held på med og sjå kva andre har laga, fortel Sam Torsøe Åsmo som skal stille ut fleire kunstverk – både på lerret og digitalt.

Emilie Gjerde Brandal og Sofie Bjåstad stiller også med kunst – begge har mala motiv med tema frå det dei er interessert i elles. Emilia har laga portrett av Cardinal Copia – som er frontfiguren i hardrockbandet Ghost, medan Sofie har mala Formel 1-føraren Kimi Antonelli.
– Dette er fyrste gongen min og eg gler meg til å reise saman med venene mine og få masse nye inntrykk, fortel Emilie.

Søskenbarna Kine og Sofie Husøy skal vere konferansierar på sceneshowa i Kristiansund. Det inneber meir enn å berre introdusere kvart enkelt innslag. Til førebuingane ligg det mellom anna intervju av deltakarane slik at dei kan gi kvar deltakar ein unik introdusjon tilpassa dei.
– Målet vårt er å smile, vere glade, men samstundes ta oppgåva på alvor, fortel dei.

Gav seg sjølv språkutfordring

Dei som skal opptre på scenen frå Hareid-kontingenten er Camilla Brandal og Natasha Goksøyr. Natasha er frå Herøy kommune, men sidan dei ikkje arrangerte lokalt UKM i år, har ho fått lov til delta på den lokale festivalen på Hareid og å reise med Hareids-gjengen til Kristiansund.

Camilla Brandal skal synge «Dernière danse» av den franske artisten Indila. Den franske popsongen er svært populær på TikTok og handlar om sorg og ønsket om å gløyme smerta gjennom ein siste dans.
– Eg kan ikkje fransk og likar å utfordre meg – så då valde eg denne songen, sjølv om eg ikkje kan språket, fortel Camilla.
 Ho har vore med på UKM før, men då som vokalist i eit band. No står ho åleine på scenen og skal synge til playback.
– Det er tryggare å ha eit band i ryggen, men publikum på UKM er veldig inkluderande, så eg gler meg.

Natasha skal synge songen «The Challenge» frå musikalen «Epic: The Musical». Musikalen er inspirert av Homers «Odysseen», og i denne songen prøver Penelope å kjøpe seg tid medan ho ventar på at ektemannen Odyssevs skal kome heim.
– Det er ein song som kan løfte deg opp, og som det går an å danse til, fortel ho.

Begge ser fram til nye og fornya vennskap både internt i kommunen, men også på tvers av kommunegrensene. Store delar av festivalen handlar om nettopp det å treffast på tvers av kunstformar og kommunegrenser. Det blir mellom anna arrangert rebusløp, speedfriending og masse workshops der ungdomane får lære både nye og gamle kulturuttrykk, til dømes kavlbinding, improvisasjonsteater, lydteknikk og buttonverkstad.

Inkluderande miljø

– Desse verkstadane blir noko av det kjekkaste for ungdomane, fordi dei gir høve til å møte likesinna og prøve eit variert tilbod, trur Victoria Nedrelid. Ho er vaksenkontakten som skal følgje hareidsungdomane til Kristiansund. 
Som lokal UKM-arrangør står ho vanlegvis bak scena, men denne gongen får ho oppleve festivalen saman med deltakarane. Det ser ho fram til.
Nedrelid skildrar UKM som ein inkluderande arena med nulltoleranse for mobbing og negativ åtferd, og med stort fokus på at alle skal ha det bra saman.

Hareid brukar midlar frå Møre og Romsdal si ordning for Ung kunst og kultur til å dekke utgiftene for deltakinga på fylkesfestivalen.

Emily Victoria Bigset skal også delta på fylkesfestivalen med digital kunst. Ho var ikkje til stades då dei andre deltakarane blei intervjua.

person framfor maleri av ein formel 1 førar med hjelm - Klikk for stort bileteSofie Bjåstad med maleriet sitt av Kimi Antonelli Larysa Parkhomenko person framfor maleri av ein skikkelse med tung sminke, pavehatt og okkulte symbol - Klikk for stort bileteEmilia Gjerde Brandal med maleriet sitt av Copia Larysa Parkhomenko