God deltaking i Stikk Ut sommar 2023!

31. oktober var siste dag for årets Stikk ut-sesong, og det har vore veldig god deltaking i Hareid kommune i år. Vi håper Stikk Ut bidreg til auka turglede, og at alle har funne turar som passar sitt ønske og behov.

Bilete av to jenter på toppen av Håbakknotten. - Klikk for stort bilete616 personar har registrert at dei har vore på Håbakknotten denne sesongen. Totalt hadde turmålet 1762 besøk. Erlend Friestad

Under kjem litt statistikk frå årets sommarsesong 2023. Tal frå 2022 står i parentes.

I Hareid har det vore 699 (655) aktive deltakarar, og desse har registrert totalt 13 667 (9 769) turar i Hareid og i andre kommunar. 

Totalt er det så langt registrert 11 540 registreringar på våre turmål. Gamleåsen går av med sigeren for flest registreringar med 2 424. Kongsvollen har færrast registreringar med sine 276 registreringar, men på ein såpass krevjande tur er det likevel veldig bra!

På denne lenka kan du studere nærmare statistikken: https://www.stikkut.no/stikkut/topplister

Ver obs på at den dessverre ikkje tek omsyn til innbyggartal i kommunestatistikken. Statistikken vil også kunne bli oppdatert med etterregistreringar fram til 3. november.

Tusen takk til dei frivillige som bidreg til Stikk Ut, vi set stor pris på innsatsen og velviljen! No vert det ei lita pause, men 15. desember opnar Stikk Ut vinter-sesongen! Håper de er klare for fleire turar, også i vinterhalvåret. Vintersesongen er ikkje så omfattande og har totalt fem turmål i Hareid, følg med!