Godkjent reguleringsplan: Detaljregulering for Brandal sentrum

Hareid kommune vil kunngjere at Detaljregulering for Brandal sentrum (planID 20160001) er godkjend.

Klikk for stort biletePlanen omfattar mellom anna jordet i bakkant på biletet. Erlend Friestad  

Hareid kommunestyre har i møte 25.03.2021 godkjent Detaljregulering for Brandal sentrum med planID 20160001.

Planvedtaket vert hermed kunngjort i samsvar med plan- og bygningsloven §12-12.

Vedtaket vert også kunngjort i Vikebladet.

Sakshandsamar: Cecilie Breiteig (cecilie.breiteig@hareid.kommune.no)   

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. plan- og bygningsloven §§1-9 og 12-12. Klaga skal vere skriftleg og sendast til postmottak@hareid.kommune.no eller til Hareid kommune Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. Bruk saksreferanse 19/726. Klagefristen er sett til 3 veker frå kunngjeringsdato.

Krav om innløysing etter plan- og bygningslova §15-2, eller krav om erstatning etter plan- og bygningslova §15-3 må rettast til Hareid kommune innan tre – 3 – år frå denne kunngjeringa.

Vedtekne plandokument, politisk sak og andre sentrale dokument i saka, kan du lese her.