Bygg 1
Erik André Leangen Herigstad
Eit variert og fleksibelt butilbod
Pålhaugen-prosjektet omfattar hovudhuset med bustader for brukarar som treng tett oppfølging, ein avlastingsbustad knytt til hovudhuset, og fleire rekkehus for brukarar som klarer seg mykje sjølv, men har behov for noko tilsyn. I tillegg kjem felles uteområde med sosiale soner, leikeplass og grillplass. Denne kombinasjonsdrifta gir kommunen eit fleksibelt og heilskapleg tilbod, der ulike behov kan møtast på ein trygg og inkluderande måte.
Artikkelen held fram under biletet.
Her ser du bygg 2, 3, 4 og 5
Erik Andre Leangen Herigstad
Tilpassa bustader – i tett dialog med brukarane
Tilrettelegginga av bustadene byggjer på ei grundig behovskartlegging i samarbeid med brukarar, pårørande, fagpersonar og Rådet for personar med nedsett funksjonsevne (RFU). Brukarane har fått påverke både fargeval og detaljar i bustadene, noko som styrkar trivsel og eigarskap til den nye livssituasjonen. Det er også gjort tilpassingar i fellesareal og uteområde for å skape eit heimleg og ikkje-institusjonspreget miljø.
Artikkelen held fram under biletet.
Slik ser det ut inne i bygg 5.
Erik Andre Leangen Herigstad
Moderne løysingar og velferdsteknologi
Prosjektet tek i bruk fleire tekniske løysingar innan velferdsteknologi for å auke tryggleiken for bebuarane og effektivisere kvardagen for dei tilsette. Dette blir eit viktig løft for kvaliteten i tenestene.
Artikkelen held fram under biletet.
Slik så det ut i september i år.
Erlend Friestad
Status på byggeplassen
Det er stor aktivitet på byggeplassen, med arbeid både innvendig og utvendig på fleire bygg. Neste milepæl er å få dei fem hovudbygga tette, slik at innvendig arbeid kan gå for fullt.
Artikkelen held fram under biletet.
Nok eit dronebilete frå september 2025,
Erlend Friestad
Eit samarbeid som gir resultat
Prosjektet er eit godt døme på korleis samarbeid mellom kommune, brukarar og fagmiljø gir gode løysingar. Totalentreprenør HS Rise Bygg, arkitekt Sporstøl Arkitekter og fleire kommunale avdelingar har bidrege med kompetanse og fleksibilitet. Dei tilsette i Bu- og Habilitering har vore sentrale i å sikre framtidsretta løysingar, og innspel frå RFU og andre fagmiljø har styrkt prosjektet ytterlegare.
Pålhaugen blir eit moderne og inkluderande bustadtilbod som kombinerer tryggleik, trivsel og langsiktig drift – til beste for både brukarar og kommunen.