Godt møte mellom kommunen og statsforvaltaren

Den politiske og administrative leiinga var 12. januar i Molde i møte med Statsforvaltaren. Det var eit konstruktivt møte med god dialog.

portrett - Klikk for stort bilete

Send oss dine tilbakemeldingar

Dine idear, spørsmål, hjartesukk og innspel er velkomne.

Send dei til 

leiargruppa@hareid.kommune.no

Alle i leiargruppa har tilgang på e-postboksen. Vi lover å melde tilbake, men ikkje same dag, og det kan hende vi ikkje veit svaret på det du lurer på.

Måla for internkommunikasjonen vår er at alle tilsette

  • får tilgang på all informasjon dei har bruk for - i rett tid.  
  • får høve til å gi tilbakemeldingar på prosessen  
  • kjenner seg lytta til, sjølv om dei ikkje nødvendigvis får viljen sin  

 

Lukkast vi med dette? Svar på svar på kort spørjeskjema. Du kan svare på skjemaet fleire gonger gjennom prosessen. 

Trykk her.

Beste helsing Bent Arild Grytten, kommunedirektør

 

Felles konklusjon etter møtet er at

  • Hareid står i ein svært alvorleg økonomisk situasjon, og vi har ei felles kriseforståing!
  • kommunen må tilpasse aktivitetsnivået til inntektsrammene. Tett oppfølging internt i kommunen, og tett dialog og samarbeid med Statsforvaltaren.
  • kommunestyret sitt ansvar er å ta eigarskap til eigne utfordringar og gjere nødvendige og tilstrekkelege grep no for å få kommunen ut av ubalansen.
  •  

Kommunedirektøren og ordføraren er godt nøgd med samarbeidet og den gode dialogen med Statsforvaltaren. 

Med på møtet frå Hareid kommune var

  • Bernt Brandal, ordførar 
  • Øyvind Grimstad, formannskapsmedlem 
  • Bent Arild Grytten, kommunedirektør
  • Hanne Rognan, assisterande kommunedirektør
  • Bjørnar Haddal, økonomileiar

 

Med på møtet frå Statsforvaltaren var:

  • Else-May Botten, statsforvaltar i Møre og Romsdal
  • Rigmor Brøste, assisterande statsforvaltar
  • Sissel Hol, seniorrådgivar
personane nemnd i bileteteksten stilt opp framfor ein vegg dekorert med FNs bærekraftsmål - Klikk for stort bileteFrå venstre Øyvind Grimstad, Bjørnar Haddal, Bent Arild Grytten, Hanne Rognan, Rigmor Brøste, Sissel Hol, Else-May Botten og Bernt Brandal Lars Levende Jacobsen/Statsforvaltaren i Møre og Romsdal