Gratis ferieaktivitetar for barn og ungdom i Hareid!

Er du klar for ei veke fylt med kjekk aktivitet, nye opplevingar og kanskje møte nye vennar? Vi har sett saman eit variert ferieprogram med noko for dei fleste – frå open hall og escaperoom til fotoverkstad, street art workshop, gaming og fotball på storskjerm.

Strand med ei sol teikna inn i sanden - Klikk for stort bilete pexels.com

Nokre aktivitetar har avgrensa plassar og krev påmelding. Hugs å melde deg på i tide!

Sjå programmet under og finn dine favorittar. Vi håpar å sjå mange barn og ungdomar til ei aktiv, kreativ og kjekk ferieveke!

Der det er aldersgrense - er det klassetrinnet dei gjekk ut av dette skuleåret som gjeld.

 

Fredag 19. juni

Open hall i Hareidhallen

Alder: 4. - 7. klasse

Tidspunkt: 16 - 18

Stad: Hareidhallen

Open hall i Hareidhallen

Tidspunkt: 19 - 22

Stad: Hareidhallen

 

Måndag 22. juni

Escaperoom

Alder: 6. – 7. klasse

Tidspunkt: 12 - 14

Oppmøtestad: Hareid ungdomsskule klokka 11:30

Escaperoom

Alder: 8. klasse – 18 år

Tidspunkt: 14 – 16

Oppmøtestad: Hareid ungdomsskule klokka 13:30

(Påmelding til renate.seljeseth.boe@hareid.kommune.no)

 

Tysdag 23. juni

Fotoworkshop med Victoria Rinde

Alder: 6. klasse – 18 år

Tidspunkt: 11 - 13

Stad: ungdomsklubben

Goodiebags!

Må ha med eigen mobiltelefon med kamera

(Påmelding til renate.seljeseth.boe@hareid.kommune.no)

 

Onsdag 24. juni

Street art workshop med Sølvi Abrahamsen

Alder: 12 - 20 år

Tidspunkt: 11 - 14

Stad: ungdomsklubben

Gratis mat og drikke

(Påmelding til renate.seljeseth.boe@hareid.kommune.no)

 

 

Torsdag 25. juni

Gaming med Hermann frå Metizport og open ungdomsklubb

Alder: 4. - 5. klasse

Tidspunkt: 12-14

Stad: ungdomsklubben

Gaming med Hermann frå Metizport og open ungdomsklubb

Alder: 6. - 7. klasse

Tidspunkt: 14 - 16

Stad: ungdomsklubben

Gaming med Hermann frå Metizport og open ungdomsklubb

Alder: 8. klasse  – 18 år

Tidspunkt: 19 – 21

Stad: ungdomsklubben

Gratis mat og drikke

 

Fredag 26. juni

NOREG - FRANKRIKE

Stad: Hareidhallen

Alder: Ope for alle

Tidspunkt: Dørene opnar klokka 20

Kiosk

Samarbeid med Hareid IL