Har du vore på Austlandet dei siste dagane?

Hald avstand og test deg sjølv om du ikkje har symptom.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Regjeringa har sett i verk strenge smitteverntiltak i 25 kommunar i det sentrale austlandsområdet. Dette skuldast smitteutbrot med ein særs smittsom virusvariant. Tiltaka har som mål å avgrense dette utbrotet til dei aktuelle kommunane, og hindre spreiing til resten av austlandsområdet resten av landet.

Det er mange i vår kommune/region som reiser til og frå disse områda både i arbeid og fritid. Kanskje vil også ein del studentar reise heim då studiestadane blir stengde og all undervisning blir utsett eller gjort digital.

Hareid kommune oppmodar derfor alle som har vore på reise i sentrale austlandsområdet dei siste 4 dagane om følgjande:

  • Hald 2 meters avstand til alle du møter
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand
  • Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt
  • Bestill time til testing sjølv om du ikkje har symptom.  Kontakt Hareid legesenter for å få time.