Har vi blitt ein (endå) betre kommune?

For tredje gong sender vi ut innbyggarundersøking til alle innbyggarar. Også denne gongen skal vi samanlikne oss med oss sjølv – og stiller spørsmålet «har vi klart å bli ein betre kommune»?

Bilete av ein person som held opp innbyggarundersøkingkorta. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Undersøkinga er avslutta. Frist for å svare var 4. juni. Resultata blir lagt fram for kommunestyret 22. juni.

 

I 2019 gjennomførte Hareid kommune for fyrste gong innbyggarundersøking der alle kunne svare. Vi spurte om kva de syntest om kommunen generelt og tenestene som vi tilbyr. Slike undersøkingar er svært viktige innspel til administrasjon og folkevalde når vi skal gjere prioriteringar for framtida. Det er derfor heilt medvite at vi har lagt undersøkinga til valår slik at det nye kommunestyret får eit godt verktøy.

 

Verdifullt

Ved å gjennomføre identisk undersøking fleire gonger på rad, får alle undersøkingane ein høgare verdi. I tillegg til å få eit augneblinksbilete av stoda i kommunen, får vi også sjå korleis vi har utvikla oss dei fire åra som har gått.

Vi oppmodar derfor alle om å svare på undersøkinga når den kjem i postkassene i slutten av mai. Svarfrist vil vere søndag 4. juni.

Undersøkinga blei gjentatt i 2021. Då viste svara at innbyggarane var blitt meir nøgde med oss på svært mange felt. Vi er derfor nyfikne på kva resultatet blir i 2023.

 

Slik gjer vi det

Undersøkinga vil bli gjennomført på same måte som dei tidlegare åra:

  • Alle innbyggarar som er 18 år eller eldre (eller fyller 18 i 2021), kan delta
  • Kva husstand får tilsendt eit postkort med informasjon og to eingongspassord
  • De svarer på undersøkinga på nettsida svar.bedrekommune.no.
  • For å få tilgang, må de bruke eitt av dei to passorda de har fått tilsendt.
  • Dersom husstanden har meir enn to vaksne – til dømes heimebuande barn som er over 18 (eller fyller 18 i 2023) – kan de kontakte oss på vivilvite@hareid.kommune.no for å få tilsendt ekstra passord.
  • Det samme kan du gjere om du ikkje har fått kortet i postkassa av ein eller annan grunn.
  • Spørsmåla vil vere identiske med dei de svarte på i 2019 og 2021. Det gir oss ein unik moglegheit til å samanlikne oss med oss sjølv.
    • Har vi klart å forbetre det vi ikkje var gode på?
    • Har vi klart å ta vare på det som vi har lukkast med?
  • Svarperiode: Postkorta vil kome i postkassen i løpet av veke 21. De kan svare på undersøkinga frå så fort de får postkorta og til og med søndag i veke 22 (4. juni).

Her svarer du:

svar.bedrekommune.no

 

Betre enn i 2021?

I 2019 fekk vi inn nesten 850 svar. Det gir ein svarprosent på 21. I 2021 var svarprosenten redusert til 12 prosent. Klarer vi å strekke oss til 2019-tala, ville det vore supert.

 

Ikkje-digital?

Det er i utgangspunktet berre mogleg å svare digitalt på undersøkinga. Vi veit at ikkje alle får til det utan hjelp. Vi oppmodar desse om å få hjelp frå familie eller vener til å svare. Dersom dette ikkje er mogleg, kan de få utlevert papirskjema på biblioteket i opningstida. Her kan de også levere inn skjema når det er utfylt.

Merk: Alle som er brukarar på dagsenteret, bur på sjukeheimen, omsorgsbustadar eller Hjellebakken får automatisk tilbod om papirskjema.