Hareid får millionen for å førebygge einsemd på Hadartun

Koronapandemien har ført til mindre sosial kontakt og færre aktivitetar for eldre på institusjon. No har Hareid kommune fått midlar til å tilsette besøksvert og aktivitetskoordinator.

Dei tilsette ved Hareid sjukeheim gler seg over ressursane dei no kan nytte på sosiale aktivitetar for dei som bur på sjukeheimen og i omsorgsbustadane. Frå venstre: Christina Aasen-Helvig, einingsleiar; Synnøve Nystøyl, einingsleiar; Hanne Marte Sukka, einingsleiar og Gunn Marthe Pieroth, administrasjonsmedarbeidar og nytilsett besøksvert. Erlend Friestad

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

- Koronapandemien har gjort det utfordrande å leggje til rette for trygge besøk. Det er derfor svært gledeleg at vi har fått desse midlane, seier einingsleiar Christina Aasen-Helvig.

Nye stillingar

Det er sektor for velferd som søkte om støtte frå fylkesmannen i Møre og Romsdal. Midlane skal gå til å auke aktivitetstilbodet og sosial kontakt mellom anna gjennom å tilsette besøksvert og aktivitetskoordinator. Etableringa av arbeidet skal skje i tett samarbeid med Pårørandeforeininga.

Beløpet på 945.000 er fordelt på om lag 50-prosent-stilling som besøksvert/aktivitetskoordinator Hadartun, og 80-prosent-stilling som aktivitetskoordinator på Hareid sjukeheim. Tilskotet omfattar også kjøp av monitor, etablering av digital informasjonskanal og utgifter til transport. Det er Gunn Marthe Pieroth som skal koordinere besøk og leggje til rette for at aktivitetar og besøk blir gjort på ein smittevernsikker måte. Ho er kjend i sektoren og i dei ulike einingane. Stilling som aktivitetskoordinator vert gjort intern utlysning på snarast råd. Dei to prosjektstillingane har varigheit til omkring september neste år.

Dei to prosjektstillingane har varigheit til september neste år.


Besøksvennar

Noko av det fyrste som skal skje er at bebuarane skal få tilbod om besøksvennar. Dette skal skje i samarbeid med Frivilligsentralen som skal rekruttere besøksvenane.

- Nokon har gjerne få pårørande som bur i kommunen, då kan besøksvener vere godt å ha. Dersom nokon ønsker å melde seg som besøksvennar, er det berre å ta kontakt med Frivilligsentralen, seier Aasen-Helvig.

Aktivitetar

Aktivitetskoordinator skal blant anna bidra til å legge til rette for tilrettelagt aktivitet til bebuarane på sjukeheimen – både individuelt og i fellesskap med dei andre bebuarane. Aktivitetar kan vere alt frå små konsertar og musikkstunder til trimaktivitetar, høgtlesing, kaffiselskap, turgrupper og mykje meir.

Stor pott

Det er regjeringa som har løyva midla som fylkesmennene deler ut. Av dei 22 millionane fylkesmannen i Møre og Romsdal hadde til rådigheit, fekk Hareid kommune nesten éin.

– Koronapandemien har innskrenka dei eldre sitt sosiale fellesskap. Aktivitetar er satt på vent, og møteplassar er stengde, seier Greta Irene Hanset, seniorrådgivar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Ho fortel at tilskotsordninga er etablert som ei eingongsbevilling for 2020/2021. Målet er raskt å legge til rette for meir aktivitet for seniorar og eldre i den pågåande koronapandemien.

– Midlane skal bidra til aktivitet, deltaking og til gode opplevingar for den enkelte, samt at dei eldre får sosial kontakt med sine næraste.