Hareid hadde flest Stikk UT-brukarar på Sunnmøre i 2025!

31. oktober var årets Stikk UT-hovudsesong over for 2025, og i Hareid kommune har det vore stor aktivitet. Hareid kommune har faktisk flest brukarar ut frå innbyggartal av alle kommunane på Sunnmøre. Heile 13  prosent av innbyggarane våre var Stikk UT-brukarar. 

Haustleg bilete. Trea har gule blad. Til venstre står eit rundt piknikkbord, til høgre Torvløa. Bilete er teke mot aust og motivet er ramma inn av ein dobbel regnboge. Fotograf har sola i ryggen. - Klikk for stort bileteBilete frå torvløa på Rotarystien, som er det mest populære turmålet i Hareid. Erlend Friestad

Rotarystien var den mest besøkte turen på Søre Sunnmøre, og nummer 7 på heile Sunnmøre, her vart det gjort 6724 registreringar, det svarer til eit snitt på 37 per dag. 

 

Her er nokre andre tal:

  • For Hareid kommune er det totalt registrert 23 370 turar i Hareid, det er gått 76 469 kilometer og 3 471 254 høgdemeter.
  • Brukarane frå Hareid kommune registrerte i snitt 10,1 turar, dei registrerte 16479 turar i Hareid kommune og 6095 turar i andre kommunar. 
  • Snittalderen for brukarar i Hareid kommune er 55,5 år
  • Gjennom sommarmånadene har deltakarane i Møre og Romsdal tilbakelagt over 2,1 millionar kilometer totalt på alle dei registrerte turane. Dette svarar til 708 Noreg på langs-turar – eller nesten 3 gonger tur/retur månen.

 

Folkehelseseffekt

Ifølgje Helsedirektoratet sin helsekalkulator genererer dette ein betydeleg gevinst i form av reduserte helsetenestekostnader knytt til livsstilssjukdomar, lågare sjukefråvær, betre psykisk helse og auka livskvalitet.

1. desember startar Stikk ut-vintersesongen med fleire nye turmål her i Hareid kommune. Følg med!

 

Oversikt sommarsesongen

Talet på registrerte turar på dei ulike turmåla:

Turmål:Antal registreringar:
Alskleiva frå Holesanden2063
Buhammaren335
Gamleåsen frå Hjørungavåg2556
Holstadhornet frå sentrum477
Hovdenakken frå Halsen457
Håbakknotten1399
Kongsvollen via Bukketrappene205
Kvitneset2660
Litletua frå Holesanden190
Melshornet frå Ulset715
Mosvarden frå Rise524
Nessetelva frå Snipsøyrdalsvegen3199
Rotarystien6724
Skafjellet1038
Skolma og rundt Grøthornet322
Signalhornet253
Sneldelida250