Lene Renate Veiseth (rådgivar), Cecilie Valland (støttande team) og Helge Hamre (kommunalsjef) er veldig glade for tilskotet til lågterskeltilbodet støttande team.
Erlend Friestad
Støttande team er eit lågterskeltilbod som kan hjelpe både barnehagar, skular og heimar med utfordringar knytt til skulefråvær og skule og barnehagemiljø.
Om støttande team
Støttande team i Hareid kommune består av fagpersonar med kompetanse innan spesialpedagogikk, barnehage- og skulemiljø, og psykisk helse. Teamet kan kontaktast av både barnehagar, skular og heimar for å få hjelp i saker der det er behov for ekstra støtte og oppfølging. Dette kan vere alt frå bekymringsfullt skulefråvær til utfordringar i skulemiljøet. Tilskotet gjer at vi kan bidra enno meir i arbeidet med å sikre eit trygt og godt miljø i barnehagar og skular. Vi er glade for å kunne tilby denne støtta til våre innbyggarar og føresette, og vi oppmodar alle som har behov for hjelp til å ta kontakt med støttande team.
Det kan du gjere her.
Tilskot til skolemiljøteam
Tilskotet til Hareid kommune kjem frå ein pott på 15 millionar som regjeringa har løyvd til skolemiljøteam i kommunane. Kommunar med skular som har særlege utfordringar i skulemiljøet, blir prioriterte i ordninga. Målet med tilskotet er å etablere eller styrke skolemiljøteam som skal gi tett oppfølging og sikre rask og god innsats der skulemiljøet ikkje er trygt og godt.
Regjeringa satsar på trygge skulemiljø
I 2024 mottar 23 kommunar tilskot for å styrke sitt skolemiljøarbeid. Regjeringa har foreslått å auke tilskotet til 45 millionar kroner neste år, og ytterlegare 70 millionar kroner i 2025 for å etablere beredskapsteam som skal motverke ungdomskriminalitet og utrygge skulemiljø. Dette er ein del av ei brei satsing for å førebygge mobbing, utanforskap og kriminalitet blant barn og unge. Du kan lese meir om satsinga i pressemeldinga som regjeringa sendte ut i samband med tildelinga.