Erlend Friestad
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har presisert kva reglar kommunane må følgje når dei krev eigendel for tryggleiksalarm. Bakgrunnen er at det den siste tida har vore fleire mediesaker om innføring av eigendel for tryggleiksalarm i norske kommunar.
I eit brev til kommunane, skriv Statsforvaltaren at ulike lovreglar gjeld i ulike situasjonar. Når ein kommune vedtek at ein brukar skal få tryggleiksalarm, må kommunen følgje reglane om eigendel i helse- og omsorgstenestelova. For å avgjere om alarmen skal vere gratis eller ikkje, må kommunen sjå på kva behov tryggleiksalarmen skal dekke for den enkelte.
Kommunen kan ikkje krevje eigendel dersom tryggleiksalarmen erstattar tenester som skal vere gratis. Det kan til dømes gjelde helsetenester i heimen, naudsynt tilsyn, tryggleik, avlasting eller hjelp til personleg stell og eigenomsorg.
Dersom alarmen derimot blir gitt som praktisk hjelp, og ikkje gjeld personleg stell eller eigenomsorg, kan kommunen krevje eigendel.
Hareid kommune tek i dag betalt frå nokre av innbyggjarane som har tryggleiksalarm. Eigendelen her er 440 kroner i månaden. Etter presiseringa frå Statsforvaltaren har sektor for velferd starta å gå gjennom alle vedtak der kommunen krev eigendel. Målet er å sikre at kommunen har vurdert konkret kva kvar brukar treng alarmen til.
- Vi tek presiseringa frå Statsforvaltaren på alvor, og har sett i gang ein gjennomgang av alle vedtak der det i dag blir kravd eigendel for tryggleiksalarm. Målet er å vere trygge på at vi ikkje krev betaling frå brukarar som skal ha tryggleiksalarmen gratis», seier kommunalsjef i sektor for velferd, Ottar Røyset i Hareid kommune.
Hareid kommune har om lag 130 brukarar med tryggleiksalarm. Kommunen har enno ikkje full oversikt over kven som eventuelt har betalt eigendel dei ikkje skulle ha betalt, eller kor mange brukarar det kan gjelde. Sektor for velferd arbeider no med å skaffe denne oversikta.
- Vi kjem til å leggje fram resultatet av gjennomgangen så snart han er ferdig, seier kommunalsjef Ottar Røyset.