Hareid kommune svarer på anken av Øvrelid-dommen

Då Hareid kommune valde å ikkje anke Øvrelid-dommen, rekna vi med at saka var ferdig både for vår del, og dei to yngste søskena, som var dei som hadde saksøkt oss.

Vi valde å godta dommen frå lagmannsretten og saman med Ulstein kommune, betale vi ut erstatninga på til saman fire millionar kroner. Det gjorde vi sjølv om vi var ueinige med konklusjonen. Vi ønska å setje ein sluttstrek i ei tung og vanskeleg sak med store menneskelege kostnadar. Vi oppfatta det også slik at eit punktum var svært viktig for motparten.

No har dei to yngste søskena likevel anka dommen der dei vann fram mot Hareid kommune. Dei vil ta oss inn for Høgsterett fordi dei meiner kommunen har brote den europeiske menneskerettskonvensjonen og at dei dermed også har krav på oppreisingserstatning.

Det er ingen tvil om at dei to yngste søskena har hatt ein svært vanskeleg oppvekst. Også dei seks månadane som dei har saksøkt Hareid kommune for var vanskelege. Vi har stor medkjensle med dei, men meiner likevel at Hareid kommune og dei tilsette reagerte raskt.

Då mora døydde gjorde Ulstein barnevernsnemnd ei grundig vurdering av kvar barna skulle bu. Det blei då konkludert med at dei to yngste skulle bu hos faren i Hareid. Kort tid etter at søskena kom til Hareid, starta kommunen prosessen med å flytte dei vekk frå faren. Etter om lag eit halvt år var omsorgsovertakinga eit faktum.

Vi meiner det er ein feil at lagmannsretten såg vekk frå det korte tidsrommet og dømde oss til å betale erstatning. Det er også mange andre prinsipielle spørsmål der vi meiner dommen konkluderte feil. Då er det også klart at vi ikkje kan godta at vi skal stå ansvarleg for menneskerettsbrot.

Etter råd frå advokaten vår, har vi derfor levert ein såkalla avleia anke, ein slags «mot-anke», saman med anketilsvaret vårt. Det betyr at også vi ankar lagmannsretten sin dom om den opphavelege erstatninga. Skulle vi vinne fram i ein eventuell ankesak vil vi uansett ikkje krevje å få tilbake erstatningssummen. Målet med den avleia anken, er at det gir oss betre moglegheiter til å førebu saka og  den prosessen som kjem dersom Høgsterett sitt ankeutval slepp saka inn i til handsaming i Høgsterett.

Hareid formannskap var samrøystes i å levere den avleia anken. Kommunestyret i Ulstein har fatta liknande vedtak.